AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Glimt frå Fjotlandsvatnet
Publiseringsdato: 21.08.2009

Eg trur året var 1962. Far min og eg var på besøk hos Tomas og Eldbjørg Fjotland. Eldbjørg er syskenbornet mitt. Me blei fortalt at det var sett ut vaktpostar med skytevåpen rundt vatnet, i fall det skulle dukka opp folk som tok seg til rette og begynte å tjuvfiska. Men, Tomas hadde fiskerett og han lånte pråmen sin til far min og eg. Me rodde utpå og skulle til ein plass der me berre kunne sitja i pråmen og slenga ut sluken frå stengene våre. Medan me ror utover, kjem det ein pråm med ein kar fossroande etter oss. Dette såg ikkje bra ut. Me blei ganske redde, for nå trudde me at det var ein av vaktene som kom og skulle skyta oss. Far tok eine åra og eg den andre. Me rodde alt me kunne. Men, det nytta ikkje. Karen i den andre pråmen tok oss att og stirde på oss med eit sveittglinsande andlet. Me var klare til å forsvara oss. Far min åka seg forbi meg på tofta og mot mannen. Då sa karen: "De har alt for dårlege årer, karar. Sjå her, ta desse!"  Så rakte han over til oss to flotte og ganske lette årer. Det synte seg å vera Kåre på Kvigeneset, som han blei kalla, som berre ville at me skulle ha det fint med god reiskap å ro med på Fjotlandsvatnet. Snart snudde han og rodde attende. Me kvilte ei stund og begynte å fiska. Det blei eit par flotte aurar som smakte svært godt til kveldsmaten.

Helsing Leiv Hartly Andreassen

Leiv Hartly Andreassen (f.1 1945) frå Lyngdal har sendt oss dette Fjotlandsminnet.
PØR

- Antall besøkende: 978112 - Online: 15 - Sist oppdatert: 09.06.2018 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart