AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Basar i Kvenåsen krins
Publiseringsdato: 21.08.2009

I Kvenåsen stod det ett gamalt skulehus som nå visst er flytta til museet på Fjotland. Kvenåsen ligg rett før Lindelandsbrua. Rett over brua går krysset til Lindeland, Seland og mot Knaben.
Ingrid Eikeland har gebursdag den 10. juni. I mange år rundt denne datoen holdt ho basar i Kvenåsen. Det var på 70-tallet og noen år på 80 tallet også hugsar eg
Det var veldig moro for okke ungan på garden og mange fleire for det var ofte mye folk der. Ingrid stod nok for mye av gevinstane sjølve, men hadde ei kvinneforening som hjalp til.

Tru ikkje at alle desse holdt på heile tida og på same tid, men av navn som nevnes må bli Lilly Førlandsås, Marie Røiseland, Ruth Eikeland, Tomine Veggeland, Gurid Kvæven,
Inga og Ingeborg Lindeland, Tordis Litland.  Det blei då Eikeland, Åsheim, Nygård, Seland, Lindeland og Solli som høyrde med til Kvenåsen.

Ingrid dreiv også å baka og stelte med mat. Ho hadde sikkert noko av dette på basaren også. Spesielt gode er hennar krotekaker, dei beste. Det var jo lagt inn matøkt på basaren, men kva det var hugsar eg ikkje. Tru nok det var påsmurte rundstykkar og kaker og kaffi

Eg veit ikkje kor mange år dette holdt på, men mulig dokke sjølve ville ha intervjua henne om dette. Ho dreiv med både hekling, brodering, veving og strikking og sikkert anna også. Minnest at då ho skulle sette opp veven var Lilly og mor mi Marie med og hjalp til me det.

Venleg helsing Ellen Karin Rosseland (født Røiseland)

 

Dette minne har vi fått frå Ellen Karin Rosseland  (f. 1964) som er busett på Evje. Med etternavnet Røiseland vaks ho opp på Eikeland i Fjotland.

PØR

- Antall besøkende: 944467 - Online: 3 - Sist oppdatert: 09.06.2018 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart