Heim
Folkekunst
Folkeliv
Folkeminne
Mål og namn
"Minnebògjæ"
Micropædia Fjotlandica
Stanleys kråmbu
Kjelder og litteratur
Om Fjotlandsrosa.no
|
Basar i Kvenåsen krins
Publiseringsdato: 21.08.2009
I Kvenåsen stod det ett gamalt skulehus som nå visst er flytta til museet på Fjotland. Kvenåsen ligg rett før Lindelandsbrua. Rett over brua går krysset til Lindeland, Seland og mot Knaben. Tru ikkje at alle desse holdt på heile tida og på same tid, men av navn som nevnes må bli Lilly Førlandsås, Marie Røiseland, Ruth Eikeland, Tomine Veggeland, Gurid Kvæven, Ingrid dreiv også å baka og stelte med mat. Ho hadde sikkert noko av dette på basaren også. Spesielt gode er hennar krotekaker, dei beste. Det var jo lagt inn matøkt på basaren, men kva det var hugsar eg ikkje. Tru nok det var påsmurte rundstykkar og kaker og kaffi Eg veit ikkje kor mange år dette holdt på, men mulig dokke sjølve ville ha intervjua henne om dette. Ho dreiv med både hekling, brodering, veving og strikking og sikkert anna også. Minnest at då ho skulle sette opp veven var Lilly og mor mi Marie med og hjalp til me det. Venleg helsing Ellen Karin Rosseland (født Røiseland)
Dette minne har vi fått frå Ellen Karin Rosseland (f. 1964) som er busett på Evje. Med etternavnet Røiseland vaks ho opp på Eikeland i Fjotland. PØR |
- Antall besøkende: 1264849 - Online: 8 - Sist oppdatert: 22.09.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart |