AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Spesialpipa til Børild
Publiseringsdato: 18.04.2010

Børild Lindeland var ein koseleg liten mann.

Han var gift og hadde 4 gutar og 2 jenter.  Ei av jentene var gift, men hadde ikkje barn, difor er det dessverre ikkje nære arvingar etter han.

 

Børild var ein god forteljar og han hadde god songstemme . Han song mange av dei gamle salmane og songane.

Han hadde ein uvane med at han sa ”for eksempel” om det passa eller ikkje.

Dersom han blei riktig ivrig kunne han seia ”for eksempel-for eksempel”

Her er nokre av hermene etter han:

”Hør va så tjurt i sommår at næbene ville kje knyda, for eksempel”

”Karen Tonetta datt ne a benkjen, så daue som fæn, for eksempel”. (Ho levde godt vidare)

”Jyst akkurat ja, det va så tenkjeleg det, for eksempel.”

 

Då han høyrde ei jente som var ”kikkar” i eit bryllaup, ”Jodla”, sa han: ”Det va for eksempel den snodigaste sonje eg he haurt, for eksempel.”

 

Det hende at han gjekk til butikken på Kvinlog og handla. Det var ca. 7 km ein veg.

Ein gong eg var der, hadde eg denne betraktninga:

Då Børild hadde fått alle varene og lagt i Bergansmeisa, sette han seg på benken og fann fram pipa. Tidleg på 50 åra fekk ein kjøpa skråtobakk i rullar (ca 4x4x6 cm.)

Børild bruka ”skrå” men når skråa vart nokre dagar gamal, gjekk det an å røykja denne.

Børild fann som sagt fram pipa som hadde ein liten bøy, og putta henne i munnen.

Så fann han fram skrårullen og lommekniven og byrja å karva av ein passeleg mengde inne i handa. Då det var gjort var det attende att med kniven i lomma. Pipa hang nå klar i munnen så nå var det bare å få ta den ut og få ”stoppa” ho med skråtobakken. Fyrstikkdåsen kom nå fram og det viktigaste var nå å få fyr på ”herligheta”. Det var ein heil prosess.

No byrja suginga og smattinga. Om pipa var litt tett eller skråtobakken var litt motviljug, veit eg ikkje, men kjakane til Børild gjekk innover i fast takt med suginga, og eg trur dei møttest på midten inne i munnen.

Etter kvart kom det liv i pipa,  og den mørkeblå røyken og sterke lukta spreide seg i rommet.

Då var det tid å finna fram brennevinskorken!

Dette var Børilds ”spesialpipe”.

Ein brennevinflaskekork som han hadde stukke små holer i med syl eller liknande passa perfekt på pipehovudet.

No var det tid å skjula pipehovudet litt i hånda imens ho brann godt, og så seia eit par ord eller setningar. Så var det å suga vidare . Det var ikkje tale om å ta denne sterke greia ned i lungene, det fekk klara seg med at smaksløkane i munnen fekk gjennomgå.

 

Ei heil underholdning for ein 12-13 åring .

 

Helsing Tønnes T. Kvinlaug

Engedal 18. mars 2010.

 

- Antall besøkende: 978136 - Online: 12 - Sist oppdatert: 09.06.2018 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart