AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Trugsmål om Bastø
Publiseringsdato: 17.03.2010

Kanskje var det då eg gjekk i 5. eller 6. klasse at denne hendinga ”utspant” seg.

 

I den tida hadde me ”utedo” på Kvinlog skule. Denne vart forresten tømd om våren av Tønnes Steinårson (Egeland),som budde i eit lite hus ved sida av skulen. (huset lå der klubbhuset ligg i dag. red.anm.)

Han bruka ”lorten” når han setta poteter. Eit potet og ei skei med ”lort”,var oppskrifta.

 

Denne doen hadde jente og guteside + pissoar og vedskjol.

Ein dag Alfhild, Judit og Tonhild var der og besøkte doen, var eg på andre sida av veggen.

Det gjekk tydeleg fram av praten kven som ”ofra” til Tønnes Steinårson sitt prosjekt.

 

Eg fann meg ein høveleg lang bjørkekvist med smågreiner på. Denne stakk eg så ned i ”dassholet” på mi side og prøvde å pirka bort i holet der ei av dei sat.

Etter skrika å bedøma, måtte det ha vore relativt vellykka.

 

Det som eg ikkje hadde rekna med, var at dei ”bisa” til Tobias (læraren)

(Tonhild var då syskenbarnet mitt !!)

Men, men, det er tilgjeve!!

Det var då at Tobias tykkte at Bastøyne var ein høveleg plass for meg. Huff då!

 

Helsing Tønnes T. Kvinlaug.

Engedal  2010-03-14

- Antall besøkende: 944477 - Online: 13 - Sist oppdatert: 09.06.2018 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart