AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Anna på Kafeen

Torsdag 14.og 28. november  og 12. desember 2013 var det åpen kafé på idrettslagets klubbhus på Kvinlog.

Då var det salg av komper, pizza, kaker og kaffe. Dette håper me vil fortsetja.

 

Men det er ikkje fyrste gongen det er kafé på Kvinlog.

Anna P. Kvinlaug starta med dette i begynnelsen av 1950åra. Då heldt ho til i 1.etg. i husa til noverande eigar, Ankar Engedal. Kafé og kjøkken var i roma som vender mot sør. I romet mot nord heldt forsyningsnemda til i nokre år.

 

I den tida då Anna hadde kafé, var det broren Hans Tobias Kvinlaug som eigde huset og leigde ut til ho. På hjørnet mot sør var det eit skilt som det stod «Café» på. Ut mot vegen var det ei lang trapp. Døra til kafeen og døra til forsyningsnemda gjekk inn her.

 

Anna som var god til å laga mat, hadde funne ei «nisje» her .Ungdomane på den tida samla seg i helgene og kjøpte litt kaker og brus og sjokolade etc. Utvalget var ikkje så veldig stort, men ein kunne og få kjøpt speilegg, med kaffe til.

 

Anna var god til å baka sukkerbrød og andre kaker og. Ho hadde nokre som ho kalla «Pigekyss»

Dei som har greie på det seier det var 2 fingerkremkjeks med delfiafeit og melis med forskjellig slag smaktilsetting imellom. Desse kan de tru gjekk unna. Det var og åpent enkelte dager i veka.

Når handelsreisande til handelslaget og andre trengde ein matbit og kaffe, ordna Anna dette og. Då gjekk det på rundstykke og smørbrød og kaffe.  Eg trur ho smurde maten etter kvart som det trongst.

Speilegg på skiva var ettertrakta. Speilegga var runde og fine, for ho bruka å setja eit glas over når ho steikte dei. Skuleungar stakk og inn av og til når dei hadde penger for å kjøpa ein godbit.

Ungdomane i den tida hadde ikkje så mykje penger å bruka, så det var nok begrensa det ho tente på dei. Pengane måtte brukast når ein skulle ut å køyra etter jenter!

 

Jakob Førlandsås reiste på sjøen like etter at han vart konfirmert. Nokre år seinare då han kom heim, kom han på kafeen og spurde Anna om ho hadde 5øres karameller. Han hadde vel ein del penger då mellom henda og kjøpte ei heil kasse. Han gjekk ut på utsida og sette seg på trappa, opna kassa og heiv alle karamella ut på sanden. Han hadde moro av å sitja på trappa å sjå på ungane som slosst om karamella.

 

På sanden utafor kafeen var det og fint å «kasta på stikka». Her kunne 5øringane fort skifta eigar.

Anna hadde eit godt humør og lika å skøya med ungdomane. Ho hadde nok og ein del «beundrarar» som besøkte kafeen innimellom.

 

Det var nok mange som sakna Anna og kafeen då ho slutta av og byrja som kokke og husmor på Kvinatun i 1964.  Ho vart forresten kalla for «Anna på kafeen»

 

 Engedal 03.12.2013

Mvh.Tønnes T. Kvinlaug

- Antall besøkende: 929655 - Online: 84 - Sist oppdatert: 09.06.2018 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart