AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
09.01 Egedius

 

1.9.     

Dette er minnedagen for St. Ægidius. Han var fødd ein gong på 600-talet og døydde kring 720. Han skal ha levt som einebuar for å koma unna merksemd han hadde fenge pga fleire mirakel han hadde utført. Han blei klostergrunnleggjar i Provence og var fyrste abbeden ved klosteret. Byen som voks opp kring klosteret der han er gravlagt, heiter St. Gilles som er namnet hans på fransk. Gravstaden hans var viktig pilegrimsmål i mellomalderen, og fleire pilegrimar på veg til Santiago de Compostela eller Jerusalem var innom på vegen.

 

St. Ægidius har fleire namneformer på norsk slik som Ædis, Eidis, Yljan, Yrjan og Ørjan.

 

”Egedius” var ein viktig merkedag for korleis haustvêret ville arta seg. Frå Agder i sør til Nordfjord i nord tok folk merke av dagen for å spå vêret den neste månaden fram til ”mikjelsmøss” (29.9.). I Fjotland heitte det: ”Som veret er den dagen, slik blir det til mikjelsmøss” (Jerstad 1949).

SAM

Kjelder:

Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970

Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949

Vera Molland: Helg og høytid. Oslo 1997

www.katolsk.no, 24.7.2008

- Antall besøkende: 1074183 - Online: 50 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart