AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
03.25 Marimøss

 

25. mars

”Marimøss”, ”marimesse om våren” eller ”Maria bebudelsesdag” er namnet på denne dagen som i dag gjeng under namnet Maria bodskapsdag. Dagen er kyrkja si høgtidsdag for å markera dagen då Maria fekk bod frå engelen om at ho skulle føda Kristus.

 

Tida kring ”marimøss” kunne gje stridt vêr: ”Då kom marimøssridi” (Jerstad 1949). ”Marimøss” var elles siste merkedagen føre sommarmål. Difor var vêrteikn denne dagen viktige varsel for vårvêret. Frå Vest-Agder heiter det:

 

”Frys det marimessnettene tri,

så frys her sommarmålsnettene ni” (Alver 1970).

 SAM

Kjelder:

Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970

Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949

Vera Molland: Helg og høytid. Oslo 1997

- Antall besøkende: 1074242 - Online: 22 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart