AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
05.25 Urbanus

 

25. mai           

Urbanus er den tradisjonelle nemninga på denne dagen i dei gamle almanakkane. Dette var ein kyrkjeleg høgtidsdag og minnedag for pave Urbanus I (222-230) i katolsk tid. Ein kjenner lite til denne paven. Pontifikatet hans, den tida han styrde som pave, fall i ei roleg tid, mellom kristendomsforfylgingar.

 

Mange stader i landet var godt vêr denne dagen eit godt teikn for korleis sommaren ville bli. I Vest-Agder heitte det fleire stader at om det var vind denne dagen, blei det tome neter.

 

SAM

Kjelder:

Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970

Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949

 

- Antall besøkende: 1074247 - Online: 23 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart