AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Brudle i Fjotland
Brudle i Fjotland
- Ordet brudle tyder brudefylgje. Den vanlegaste tolkinga av brudlea er at steinane er lagt ned av brudefylgje som var på veg til eit bryllup. Ofte kunne det vera bryllup der brudeparet var frå kvar si bygd eller var på veg til ei kyrkje i ei anna bygd. Dette skriv Anne Berit Erfjord frå Kvinesdal historielag om i denne artikklen.
Jol og kjærleiksvarsel
Jol og kjærleiksvarsel
Jolekvelden har alltid hatt noko av magien ved seg. Ikkje bare det vonde, men òg den spennande framtida kunne openberra seg jolaftan. Dette var kvelden då unge menneske som gjekk og tenkte på kven dei skulle dela livet med, kunne få eit varsel om framtidsutsiktene. I Fjotland er det dokumentert to joleskikkar som kunne gje varsel om kven ein ville koma til å ekta: Fjotlendingane ”sprang med tvora” eller dei kunne ”sitja på jolestolen”.
Ved barsøl og dåp
Ved barsøl og dåp
Det fanst mange tradisjonar knytt til graviditet, fødsel og tida fram til dåpen i det gamle bondesamfunnet. Mange varsel ein tok og gjeremål i samband med desse livshendingane ser ein i dag er ovtru, mens anna ser ein har hatt ein funksjon og er fortidas forklaringar på velkjende fenomen ein framleis kjenner i dag. Det er lett å eksotisera fortida. Sjølv om mykje av vår kunnskap om livet før og etter fødselen i stor grad er basert på vitskapleg grunna kunnskap, gløymer me gjerne at me sjølve har våre truer og tankar knytt til denne perioden i livet. Korleis kvinna ber barnet i magen meiner mange fortel kva kjønn barnet har. Kanskje er det noko i det? Også dei gamle hadde sine teikn: ”Dersom ei fremmeleg kona er breid, er det gutebarn ho gjeng med. Stend magen mykje fram, er det gjentebarn” (Lunde 1924).
- Antall besøkende: 863834 - Online: 52 - Sist oppdatert: 28.06.2017 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart