AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Tron og Besse: tøffing og helgen i fjotlandsk bygdesoge
Tron og Besse: tøffing og helgen i fjotlandsk bygdesoge
Om ulike ideal og typar i den lokale folketradisjonen. Kåseri ved Svein Arne Myhren Tegland på Fjotland bygdemuseum laurdag 13. august. Det var i samband med opninga av Engedalsløa og Stakkelandsbua.
Olavsteinen på Bjønndalsmyra
Olavsteinen på Bjønndalsmyra
Var det her Heilag Olav bandt hesten sin, spør Tønnes T. Kvinlaug? Det er eit gammalt segn frå Fjotland som seier at Helgenkongen hadde ein stopp ved denne steinen på Bjønndalsmyra på vegen mellom Risøyne og Øvre Kvinlaug, like vest for Engedal.
Bjørnen og hesten
Bjørnen og hesten
Det er ei segn frå Stedjefjellet på Krågeland som er meir kjent i Sirdal enn Fjotland. Det handlar om ein bjørn som jaga ein hest oppover det blankskurde berget på Stedjefjellet.
Eventyr frå Fjotland: Kossen bjødnen miste rumpo
Eventyr frå Fjotland: Kossen bjødnen miste rumpo
Dei velkjende dyreeventyra om bjørnen og reven finst i variant frå Fjotland. Folkeminnesamlaren Peter Lunde frå Søgne (1868-1923) samla folkeminne i Vest-Agder, og eventyret som har fenge tittelen ”Kossen bjødnen miste rumpo” fann Lunde i Fjotland. Eventyret er skrive ned tidleg på 1900-talet, og det er gjeve att på fjotlandsmål. Attåt å vera eit artig eventyr, gjev teksten òg eit godt inntrykk at talemålet i bygda på denne tida.
Kyrkjegardssegner frå Fjotland
Kyrkjegardssegner frå Fjotland
I dei fleste bygder er det knytt ulike segner til kyrkja og kyrkjegardane. Dette finn ein òg i Fjotland, og den mest kjende av kyrkjegardssegnene er nok den som fortel om den gamle fura som den dag i dag stend på Fjotland kyrkjegard. Fura stod eigentleg utanfor kyrkjegarden før, like utanfor dei gamle kyrkjegardsmurane, som då ringa inne ein mykje mindre kyrkjegard enn den ein har i dag.
Bygdehelgenen Besse i Knaben
Bygdehelgenen Besse i Knaben
Det er mange namngjevne personar som i manns minne og i den eldre folketradisjonen er blitt ståande for ettertida. Gjennom brokkar og småforteljingar har livet til avlidne menneske blitt fortalt vidare til nye generasjonar. Stundom blir nokre ståande i eit heilt spesielt lys – eit lys som er så spesielt at det nettopp fører til at historiene får drag av noko ein ikkje lenger sikkert kan skilja frå røyndomen. Historiene kan òg vera så fantastiske at ein kan vera i stuss om personane faktisk har levt. Særleg gjeld dette når dei historiske kjeldene teier om mennesket, sjølv om folkeminnet har talrike soger om han. Besse i Knaben er ein slik mystisk person som lever mellom segn og soge.
- Antall besøkende: 863836 - Online: 54 - Sist oppdatert: 28.06.2017 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart