AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
JERSTAD, Johan

 

Johan Gabrielson Jerstad, ingeniør og bygdebokforfattar frå Kvinesdal og Fjotland som gjennom ein mannsalder samla tradisjonsstoff frå Fjotland og fekk gjeve ut viktig kultursogetilfang frå bygda.

 

Jerstad var fødd i Kvinesdal i 1893 og døydde i 1975.

 

Jerstad var kvindøl, men då faren, Gabriel Jerstad, døydde, blei mora, Gura Bergesli, noko seinare gift med Nils Veggeland i Fjotland. Veggeland var etternamnet til Johan fram til han endra det til gardnamnet på farssida då han var ferdig utdanna ingeniør.

 

Alt frå studentdagane tok Jerstad til å samla tradisjonsstoff frå Fjotland. Han fullførde to band med kultursoge frå Fjotland. Halvbroren, Tor Veggeland, fullførde ættesoga og gav ut eit supplerande band til kultursoga. Jerstad samla m.a. òg dialektord frå bygda til Norsk Ordbok.

 

I det meste av det vaksne livet sitt budde Jerstad i Oslo. Han ferierte i Fjotland der han etter kvart fekk bygt seg hytte på Kvekkjerinden ved Myglandsvatnet. Kona hans, Anna Tønnesdotter, var frå Mygland.

 

Jerstad var ein pådrivar i ”Fjotlandslagjet” i Oslo som samla utflytte fjotlendingar i hovudstaden og arbeidde for å løfte fram og ta vare på fjotlandsk kultur og tradisjonar.

 

SAM

Kjelder:

Ludvig Jerdal: ”Måle æ noge a dæ mætnaste me heve” I: Kvinesdal historielags årsskrift 2000.

Johan Jerstad/Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge. Kvinesdal 1981.

- Antall besøkende: 1043551 - Online: 24 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart