AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
LUNDE, Peter

 

Peter Lunde, lærar, bonde, organisasjonsmann og folkeminnesamlar frå Søgne i Vest-Agder som leverte verket Kynnehuset med vestegdske folkeminne der tradisjonsstoff frå Fjotland har den mest framskotne plassen.

 

Lunde var fødd i 18.8.1868 i Søgne og døydde 2.11.1923. Lunde var utdanna lærar.

 

Lunde arbeidde som lærar i Kristiansand i mange år samstundes som han dreiv heimegarden og hadde familie i Søgne.

 

Søgne fornsamlag blei skipa av Lunde i 1908, og Lunde arbeidde her fram eit bygdemuseum i bygda. Han skreiv fleire bøker om mål og minne frå heimbygda si Søgne, m.a. Maalet i Søgne (1913). Lunde var både styremedlem og leiar i Agder historielag og styrar av landsmålet i avisa Fædrelandsvennen.

 

Våren og sommaren 1920 gjorde Lunde ei stor samlarferd til fjellbygdene på Vest-Agder, for Norsk folkeminnesamling og Norsk folkemuseum. Mykje av stoffet han samla på denne ferda, blei gjeve ut i hovudverket hans Kynnehuset (1923-24) som speglar det egdske folkelivet og tradisjonar frå dei indre bygdene. Fjotland er den enkeltbygda som fær størst plass i dette verket.

SAM

Kjelder:

Torleiv Hannaas: Norsk Aarbok 1924 1924 / http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=1158&id=2967, 16.8.2008

- Antall besøkende: 1057953 - Online: 35 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart