AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
ARBEIDSSKULEN i Fjotland

 

Arbeidsskulen i Fjotland, ambulerande handverksskule for fjotlendingar den fyrste helvta av 1900-talet som til vanleg gjekk under namnet ”snikkarskulen”.

 

Arbeidsskulen blei skipa i 1900 av Tore A Mygland (1859-1942) som heldt nokre kurs i trearbeid kvart år. Seinare tok Gudtorm T. Eftestøl (1861-1949) over og hadde 8-10 vekers kurs i året. Skulen blei så godkjent som fast 10-vekers skule med eigen fast tilsett lærar. Gudtorm Eftestøl var lærar til 1927. Året etter tok Trygve Eftestøl (1901-93) over. Han heldt tvo 10-vekers kurs kvar vinter fram til midt i 50-åra, då skulen gjekk inn pga ny framhaldsskulelov.

 

Skulen heldt til fleire stader og gjekk på omgang i ulike krinsar. Bedehus, ungdomshus og private heimar hyste skulen som hadde elevar i aldersspennet 15 til 70 år. Her verka elevane alt frå fint utskorne stasmøblar til arbeidsreiskapar. Mange var innom skulen, og mange arbeid finst framleis i mange heimar i bygda.

 

Skulen var den einaste i sitt slag i Vest-Agder.

SAM

Kjelder:

Johan Jerstad/Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979

Tor Veggeland: Fjotland. Kultursoge 1984

 

- Antall besøkende: 1163526 - Online: 10 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart