AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Fjotlandsk kulturhistorisk oppslagsverk
Publiseringsdato: 10.06.2008

"Micropædia Fjotlandica" er namnet på dette litle, kulturhistoriske oppslagsverket på Fjotlandsrosa.no. Her vil ein finna stutte leksikonartiklar om kulturhistoriske emne frå Fjotland. Dette "nettleksikonet", som ikkje har som mål å tevla med meir kjende nettbaserte oppslagsverk, er meint som ein enkel kunnskapsbase om historiske og kulturhistoriske emne frå Fjotland. Her vil ein t.d. kunna lesa enkle biografiske artiklar, artiklar om liv og arbeid; truer og skikkar; språk m.m.

Opplysningatidas vitskapsfolk hadde tru på at ein kunne samla all kunnskap i verda i eitt oppslagsverk. Tanken om den såkalla encyklopedien var levande. Sjølv om dagens leksikonutgjevarar har forlate denne tanken og trua, er dei store oppslagsverka særs omfattande og ressurskrevjande å laga. Hadde me hatt ressursane og hatt dei same måla om å ta med alt, om det så bare gjeld Fjotland, burde me gjerne kalla oppslagsverket "Encyclopædia Fjotlandica", "Fjotlandsk allkunnebok" eller "Store fjotlandske leksikon". Fjotlandsrosa.no er noko mindre ambisiøs, og ein mikropedi er noko mindre omfattande og meir overkomeleg for både skrivar og lesar. 

Ein vil aldri klara å sanka saman alt som er verdt å vita om Fjotland - om ein så bare held seg til fortida. Kva som er verdt å vita, vil det truleg òg vera mange meiningar om. Hovudmålet med "Micropædia Fjotlandica" er å presentera små artiklar som kan fungera som ei enkel og fyrste innføring til ulike emne. Me har av fleire grunnar valt å la biografiske artiklar bare omfatta avdøde personar.

Fjotlandsrosa.no vil gje opp relevante kjelder og litteratur i artiklane, og målet er at lesaren sjølv fær lyst til å søkja meir kunnskap og driva vidare lesnad andre stader.

Sjå artiklane: A - E   F - L    M - R    S - Å

- Antall besøkende: 1074172 - Online: 37 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart