AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Tema: Rosemåling

Mellom 1780 til 1880 var rosemåling utbreidd i Fjotland. Rosemålingstradisjonen i bygda var med på å stadfesta Fjotland som eit grendelag med mange framståande bygdehandverkarar og –kunstnarar. Her ønskjer me å gå litt inn på denne tradisjonen og prøva formidla kva det var som rørte seg i bygdene då dette handverket var ei viktig næring for mange fjotlendingar.

Me var ein tur innom Grindheim kyrkje i Vest-Agder for å sjå nærare på eit av dei viktige arbeida til den fyrste rosemålarmeisteren frå Fjotland - Tore Asbjørnson Risøyne. Vidare bringer me i dette programmet vidare segner og historier som knyter seg til dei kjende rosemålarane, utlagde av etterkomarar av målarane.

Me var også å vitja Marie Strædet frå Laudal i Marnardal. Ho er ein av dei få som har teke opp att den gamle rosemålingsstilen med røter i Fjotland.

Programmet kan du lytte til her:

Rosemåling: http://vimeo.com/35882918

Les om dei andre programma her:

Jola

Born og unge på garden

Tradisjonsmat

- Antall besøkende: 1057883 - Online: 26 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart