AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Fjotland- før i tiæ

I 2004/2005 brukte Svein Arne Myhren og Per Sverre Kvinlaug mykje tid på å førebu og produsera 4 radioprogram om Fjotland- før i tiæ. Programma blei sendt på Radio Kvinesdal i 2005. Desse programma er no tilgjengelege her på Fjotlandsrosa.no. Sjekk lenkene nedanfor


Fjotland er ei heiebygd på indre Agder. Fjotland var eigen kommune fram til samanslåinga med Kvinesdal i 1963. Bygda utgjer i dag øvre delen av Kvinesdal kommune. Det blei brukt materiale, personar og historier frå Fjotland i desse programma.

Sjølv om Fjotland på mange måtar er ei særprega bygd, ville dei samstundes løfta fram og presentera for lyttarane eit kvardagsliv frå tidlegare tider.

Gjennom fleire program med ulike tema og vinklingar, vil me syna utviklingsdrag og formidla historier frå Fjotland i fjern og nær fortid, opplysar Kvinlaug. For ettertida meiner me at dette kan ha ein viktig verdi for komande generasjonar, legg han til. Ikkje minst med tanke på at me møter menneske som med eigne ord kan formidla korleis det var å veksa opp “før i tiæ”. For dei unge kan dette vera eit viktig møte med andre sine livserfaringar. Me som ønskjer å arbeida fram denne programrekkja, har både gode lokalkunnskapar og faglege bakgrunnar som me meiner kan vera med på å gjera dette til eit godt sluttprodukt.

I alle radioprogramma møter me samtidige kjelder som uttrykkjer seg om det temaet me tek opp. Gjennom dei fleste programma møter me 12-åringen Bertin Seland i hans dagbøker frå tidleg på 1900-talet. Elles er sjølvsagt den raude tråden geografisk, og den knyter opp til forsøket på å skildra jordbruksbygda som ho var, og korleis ho endra seg og kva som endra henne.

Tema: Rosemåling

Tema: Jola

Tema: Born og unge på garden

Tema: Tradisjonsmat

- Antall besøkende: 1057922 - Online: 35 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart