AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
03.12 Greggamøss

 

12. mars        

St. Gregor blir minna denne dagen i kyrkjetradisjonen. Gregor (540-604) var av rikmannsslekt, men valde klosterlivet i kontemplasjon og bøn. Han utmerkte seg som abbed, klosterleiar, og blei som fyrste munk og mot sin eigen vilje valt til pave i 590. Pave Gregor den Store  kom trass i den motviljuge starten til å bli ein stor kyrkjeleiar og var ein viktig institusjonsbyggjar og kyrkjereformator. Han er éin av bare tri pavar gjennom tidene som har fenge tittelen ”den Store”.

 

I kunsten er Heilage Gregor gjeve att med bok og fjørpenn og ei duve på aksla, eit teikn på at det han skreiv var inspirert av Gud sjølv. Det er nok bakgrunnen for fuglen som symbol for denne dagen på primstaven. I folketradisjonen er fuglen blitt tolka som ei kråke ettersom kråkene gjerne flaug inn over landet på denne tida og varsla våren. Ulike varsel kunne takast av dette som kunne påverka arbeidet med førebuingane til våronna. Frå Fjotland har ein tradisjonar knytte til dette som gjeld vêr- og vårteikn knytte til kråka kring greggamøss:

 

”Gregorsmøss  kjem kraago” (Lunde 1925).

 

Johan Jerstad skildrar kråkemotivet knytt til dagen etter tradisjonen slik:

 

”Greggamøss. Då er kjøtet spike, og då kann ein venta kråka. Ho segjer:

’Greggamøss må de venta meg,

 marimøss kjem eg,

 og kjem eg kje førr summårmål,

så kjem eg um eg kjeme på ein stav.”

 

Meir generelle vêrteikn som varsla vårvêret kunne ein òg ta denne dagen:

 

Som veret er fyre greggamøss slik blir det etter. Når det dryp på sørsida av husi denne dagen, blir det godt år.” (Jerstad 1949)

            SAM

Kjelder:

Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970

Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949

Tarald Rasmussen/Einar Thomassen: Kristendommen. En historisk innføring. Oslo 2002

www.katolsk.no, 20.7.2008

- Antall besøkende: 1043557 - Online: 31 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart