AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
02.22 Peder stol

 

22. februar    

Dette er kyrkjedagen som markerer at apostelen Peter blei overhovud for den kristne kyrkja. Dagen har dagsnamnet ”Peder stol” i almanakkane etter det latinske namnet på dagen, Petrus Cathedratus.

 

Ulike forteljingar om at St. Peter kasta varme steinar i vatnet for at telen skulle løysa og isen gå opp, finst frå heile landet. Dette viser kan henda attende på primstavsymbolet som somme stader ser ut som steinar. Elles er det Peters nøkkel som er merket for dagen. Steinkasteforteljingane er truleg meir soger for småungar enn utbreidd folketru, men likevel ligg det ei åtvaring mot ferdsel på islagde vatn når mildvêret kjem. Folkeminnesamlaren Joh. Th. Storaker fortel frå Mandal:

 

”Dersom Nogen gaar paa Isen efter 22. Februar, og den brister, saa han falder i, er Ingen pligtig til at hjælpe ham op. Da St. Peter den Dag kastede en varm Sten i Vandet, sagde han, at Vinteren da skulde have Ende. Før var det ogsaa en almindelig Mening, at de, som druknede ved at falde gjennem Isen efter den Dag, ikke fik kristen Jord, men bleve begravede udenfor Kirkegaarden”.

SAM

Kjelder:

Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970

Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949

- Antall besøkende: 1087901 - Online: 252 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart