AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Ved barsøl og dåp

 

Fødsel

Sjølve fødselen kunne vera eit vågestykke – både for mor og barn. Det er ikkje få kvinner ein finn har døydd i barselsenga. Organisert jordmorteneste fekk ein fyrst i 1901 i Fjotland. Før denne tid måtte kunnige kvinner i bygda trø støttande til når barnefødslane stod for dør. Var fødselen komplisert, var det lite å hjelpa seg med. Smertelindring blei ofte gjeve med sterk drykk. Det heiter at ”dei laut alltid hava brennevin til barsølkona.  Dei brukte gjerne aa bryggja au naar det stunda til barsøl. Det var mange stader dei skjenkte barsølkona full under barsli”  (Lunde 1924).

 

Vern av udøypte born

Dei minste borna var utsette for mange farar: Barnedøyinga var høg til langt ut på 1800-talet. Sjukdomar me reknar for uskuldige i dag, kunne ta liv før. At eit lite spedbarn skulle veksa opp, var ikkje sjølvsagt, og ein kunne ikkje heilt rekna med ungane før dei var nådde ein viss alder og sjansane for at dei ville overleva var store.

 

Både på grunn av røynslene og kunnskapen om at livet var skjørt, og at det litle spedbarnet ikkje var døypt og kristna, var det viktig å finna godt og trygt vern mot alt som kunne skada barnet. Det er særleg vernet mot underjordiske og vondemaktene tradisjonen fortel om. I mange bygder la ein stål, gjerne ein kniv, i vogga til barnet. Stålet var eit kjent middel mot underjordiske. Låg ein kniv attmed barnet, var det trygt frå å bli teken av vetefolk. I Fjotland seier tradisjonen at ein helst la ei salmebok i vogga til det udøypte barnet til vern mot sjukdom, ulukke - og vetefolk.

 

 

Dei la ei salmebok i vogga til det udøypte barnet” (Lunde 1924) (Illustrasjonsfoto: SAM)

 

Bytingar

Redsla for at barnet skulle bli bytt med eit underjordisk barn var ei folkeleg grunngjeving for praksisen med å verna det udøypte barnet. Barnet er forsvarslaust, og det ukristna barnet i sær, er verjelaust i møte med vondemaktene. Det var difor viktig å ikkje gå frå barnet i vogga slik at det var utan tilsyn. Førestillinga om bytingen kan vera knytt til born der misdanningar eller lyte blei oppdaga og forklart med at det var bytt med eit vetebarn. Rådet ein fekk i den situasjonen, var å la barnet skrika til huldra eller vetemora kom og henta barnet sitt som skreik så sårt. Ettertida har i anekdotisk form presentert tradisjonen slik:

 

Naar dei hadde fenge ein byting, let dei han berre skrika. Dersom dei berre let han skrika lenge nok, so kom mor hans med rette barnet og tok bytingen med seg att. – Eg he fare annleis me ditt baadn, hell du he fare me mitt! sa ho (Lunde 1924).

 

Dette kan nok dessverre òg spegla dårlege haldningar til born som ikkje var som alle andre. Me kan jo lura på korles eit barn med ei utviklingshemmnig eller eit syndrom blei teken vare på?

 

Sigerhua

Men det hende at barnet bar teikn som ein rekna som lukketeikn. Ungar som var fødde med den såkalla sigerhua, restar av fosterhinna som finst på hovudet hjå somme nyfødde barn, var eit teikn om at det ville gå ein vel i livet: ”Sigerhuva spaadde lukka for barnet som var fødd med den. Sigerhuva va eit godsleg merke. De skulle bli ekko nyttug a di” (Lunde 1924).

 

Fødselsdagen

I Fjotland heitte det at born som var fødde på ei sundag, kunne sjå ”skrymt”, altså spøkjelse eller attergangarar. Dei som var fødde i april, blei ikkje sterke folk, meinte ein.

SAM

Kjelde:

Peter Lunde: Kynnehuset 1924

Tor Veggeland: Fjotland. Kultursoga 1984

www.dokpro.uio.no, 18.8.2008

 

- Antall besøkende: 1057880 - Online: 23 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart