AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Bygdehelgenen Besse i Knaben

Mange namngjevne personar har i manns minne og i den eldre folketradisjonen blitt ståande for ettertida. Gjennom brokkar og småforteljingar har livet til avlidne menneske blitt fortalt vidare til nye generasjonar. Stundom blir nokre ståande i eit heilt spesielt ljos – eit ljos som er så spesielt at det nettopp fører til at historiene får drag av noko ein ikkje lenger sikkert kan skilja frå røyndomen. Historiene kan òg vera så fantastiske at ein kan vera i stuss om personane faktisk har levt. Særleg gjeld dette når dei historiske kjeldene teier om mennesket, sjølv om folkeminnet har talrike soger om han. Besse i Knaben er ein slik mystisk person som lever mellom segn og soge.

 

Bygdebokforfattaren Johan Jerstad var i sterk tvil om Besse i Knaben nokon gong hadde levt og meinte han var ein oppdikta figur – nettopp fordi ingen kjelder omtalar mannen. Men med mindre dette er ein person nokre med med vilje har funne opp, er det rart så mange soger er knytte til denne figuren. Andre har så hevda fjotlendingen Besse kan ha levt i før-reformatorisk tid. Professor Ludvig L. Daae sa ikkje noko avgjort om Besse bare var ein rein fantasifigur. Han plasserte Besse som ein samtidig med den historiske personen Tron Hoskuldson (1588-1670). Daae plasserer Besse i kategorien bydehelgen. Daae rekna Besse som éin av fleire norske bonde- eller bygdehelgenar. Dette er heilage kvinner og menn som har blitt minna lokalt utan at dei har vore godkjende som offisielle helgenar av kyrkja. Besse er ikkje berre omtalt i Fjotland, men har vore kjent i fleire av grannebygdene. Professor Daae skildrar tradisjonen kring Besse i Knaben og andre norske bondehelgenar i verket Norges helgener frå 1879.

 

Under følgjer nokre utvalde tekstar frå to forfattarar som fortel om Besse-tradisjonen i Fjotland.

 

Professor Ludvig L. Daae om Besse i Knaben:

”I Fjotlands Sogn (den øverste Del af Kvinesdalen og siden 1857 eget Præstegjeld) fortælles om Besse paa Knaben. Ogsaa han kunde hænge sine Vanter paa Sol-skin, ligesom Hellig-Anders i Slagelse. En Gang hændte det dog, at dette slog ham feil, men han erindrede saa, at han samme Dag havde glemt at tage op et Bygax, der laa i Veien, og da han havde gjort dette godt igjen, lod Vanten sig atter hænge paa Solskinnet. Endnu vises ved hans høit tilfjelds beliggende Gaard en For-dybning i et Berg, ”Bessestolen, hvor han hver Morgon holdt Bøn, og paa Veien til Liknes Kirke (Hovedkirken i Kvinesdal, til hvilken Fjotlændigerne sognede indtil 1670) vises ved Gaarden Houland ”Bessebordet”, hvor han holdt sit Maaltid. Hver Julemorgen var han, trods en Kirkevei paa omtrent sex Mile, den første i Kirken. Endelig savnedes han en Juledag i Kirken. ”Han kommer nok, død eller levende”, sagde Præsten, og se, strax begyndte Kirkeklokkerne at ringe af sig selv, thi nu kom den hellige Besses Lig til Kirken.

            Det hedder, at denne Besse skal have levet samtidig med en anden Sagnhelt i den samme  Bygd, Thrond Hoskoldssøn fra Kvinlog, om hvem det med fuld Sikkerhed vides, at han levede i det syttende Arhundrede. Vor Bondehelgen skulde altså være betydeligt yngre end Reformationen. Dette er hellerikke umuligt, naar man betænker, hvor længe catholske Forestillinger vedligeholdt sig i en Tid, da skoler vare ukjendte.”

(Frå Ludvig L. Daae: Norges helgener 1879:200)

 

”I den anden Halvdel af det syttende Aarhundrede levede den allerede før nævnte Fjotlænding, Thrond Hoskoldssøn paa Kvinlog, der skal have varet den første Mand, der begraves paa Fjotlands Kirkegaard, og paa hvis Grav der, overensstemmende med hans egen Spaadom, skal have voxet et Bringebærriis. Han skildres i de mange om ham bevarede Sagn, hvilke jeg andensteds har meddelt, som en ivrig Handelsmand, der reiste vidt omkring i Bygderne for at handle med «Spød» (strikkede Trøier og Vanter) og tillige drev meget paa Hestehandel, samt derhos som en voldsom Mand, der tre Gange maatte «løse Freden» for Drab o.s.v. Det siges, at en for sin Fromhed og Hellighed bekjendt mand, ligeledes en Fjotlænding, skal have levet paa samme Tid. Dette var Besse paa Knaben. Han kunde hænge sine Vanter paa Solskinnet, ligesom den danske Helgen St. Anders i Slagelse. Engang slog denne Mirakelgave ham feil, men da erindrede han, at han samme Dag havde glemt at tage op et Bygax af Veien, og da han gjorde dette godt igjen, lykkedes det strax for ham med Vanten. Endnu vises ved hans høit liggende Fjeldgaard en Fordybning i et Berg «Bessestolen», hvor han hver Morgen holdt Bøn, og ved Houland i Liknes Sogn vises «Bessebordet», hvor han holdt Maaltid paa sine Kirkereiser. Hver Julemorgen var han altid trods de sex Miles Kirkevei den første i Liknes Kirke, men endelig kom en Juledag, da man savnede ham. «Han kommer nok, enten død eller levende,» sagde saa Præsten og se, strax begyndte Kirkeklokkerne at ringe af sig selv, thi nu kom hans Lig til Kirken.”

(Frå Ludvig L. Daae: En Krønike fra Kvinesdal 1894:35f)

 

Lærar og folkeminnesamlar Peter Lunde om Besse i Knaben:

Besse sette seg te jolepta  aa smia steigeteina, men di hadde ikkje kjød.  Kòno spurde kò ’an ville me steigeteina naar di ikkje hadde noge aa steigja. Men Besse meinte vaarherre ville nok senda di kjød.

            Eit bil ette kom en flokk reina, ò di gjekk sò nøde ud paa fjedde at di datt udføre ò slo seg i hel.

Dei sundagarne det ikkje var preika, brukte Besse aa halda bøn paa ein rund, noko høg fjellknatt utanfor garden. Dei syner enno staden der han sat. Dei kallar det Bessestolen.

            Naar Besse for den lange vegen til kyrkja, hadde han sine visse stader der han kvilde og aat.

            Bessebore utanfor Netland er ei steinhella han hadde til bord.

            Det ser ut som han for ned Austerdalen, for innanfor Vorann vest for Dugann var au eit Bessebor. Ein mann som bygde hus der for nokre aar sidan, synte so liten vyrdnad for det at han tok det inn i husmuren sin.

            Bessebore ved Netland er som ei bordskiva med steinar under.

            Daa Besse var død og dei for til kyrkja med liket, var det so fælt eit ver at dei kom ikkje lenger enn til det store fjellet millom Eptestøl og Førlandsaasann. Der er ei stor hola inn i fjellet, og der laut dei setja liket inn. Dei kallar den hola Bessestovo.

(Frå Peter Lunde: Kynnehuset 1924:147f)

 

Svein Arne Myhren

 
Tittelbladet til boka Norges helgener frå 1879 av Ludvig L. Daae der han m.a. omtalar tradisjonen om bondehelgenen Besse i Knaben.

- Antall besøkende: 1057964 - Online: 33 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart