AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Klypp frå målreisingssoga i Fjotland

 

Mannen bak ”Arkiv for norsk målreising”, Peder Hovdan (1874-1965) var frå Hemne i Sør-Trøndelag, var utdana lærar og hadde arbeidet sitt i osloskulen fram til 1940. Frå 1905 til ut i 1950-åra dreiv Peder Hovdan dokumentasjon av utviklinga og stoda for det nynorske skriftsspråket i Noreg. Han klypte frå aviser frå heile landet, samla i konvoluttar og arkiverte etter geografi og tema. Informasjon han hadde om forskjellige bygder og herad, etatar og ulike samfunnsområde, skreiv han inn i ein diger, handskriven protokoll. Protokollen blei utstyrt med spesiallaga rubrikkar for når og korleis innføringa av nynorsk i skulen, kyrkja, heradsadministrasjon m.m. i ulike herad kom til. Samlinga fekk namnet ”Arkiv for norsk målreising”. Protokollen og avisklyppsamlinga ordna i meir enn150 arkivboksar, er no deponert i Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

 

Hovdan gav ut fleire målkart og bøker om nynorsken si utvikling i landet på bakgrunn av det veldige materialet han hadde samla.

 

 

 
Peder Hovdan (1874-1965). (Foto: Nynorsk kultursentrum)

 

I  ”Arkiv for norsk målreising” finn ein dokumentasjon kring utviklinga for nynorsk i Fjotland. Hovdan samla særleg stoff frå riksavisa Den 17de Mai, men her er òg ein heil del stoff frå den nynorske dags- og regionsavisa Agder Tidend som kom ut i Kristiansand frå 1919 til 1963. Det verkar òg som om han har fenge informasjon om nynorskbruk i avisa Agder.

 

Informasjonen som er presentert i denne artikkelen, er Peder Hovdan sine notat i protokollen. Dei er baserte på utklypp som finst i ”Arkiv for norsk målreising”. På nokre punkt er attgjevinga til Hovdan ikkje ordrett som i avisartiklane og –referata dei byggjer på. Det er likevel ikkje faktiske feil i desse oppsummeringane hans. Ein ser stundom tydeleg at Hovdan stadig førde inn ny informasjon i protokollen. For Fjotland sin del ser ein det under skulemålet der han i 1924 har notert av Salmeli skule framleis held på dansk-norsken, men det er ført inn endring seinare: ”Salmelid fekk norsk i 1927”.

 

Tilfanget frå protokollen er sett opp med forklarande overskrifter.

 

Frå Hovdan-protokollen i ”Arkiv for norsk målreising”: FJOTLAND

 

Innføring av nynorsk i kyrkja

Fjotland kyrkje innførde Nokre Salmar av Elias Blix 30.4.1911 med 72 mot 23 røyster. Netlandsnes gjorde det same i mai med 34 mot 3 røyster. Norsk tekst og altarbok blei innførd i Fjotland 2. desember 1917 med 30 mot 20 røyster. Innføringa av nynorsk liturgi fekk òg fleirtal då saka var oppe sundagen etter i kapellet på Netlandsnes. 20 røysta for og 6 mot dette framlegget.

 

Nynorskpresten Rasmus Høyland

Rasmus Høyland f. 1865 var frå 1900-1912 sokneprest i Fjotland. Sumaren 1905 tok han til å preika på norsk då han skyna at folk ikkje hadde noko imot det og preika so berre på norsk so lenge han var i Fjotland. Han var ordførar òg frå 1905-12. Det er då rimeleg at han bruka norsk då òg.

Etter Høyland kom Müller frå 1912-16 og Bergh frå 1916-26. Smith-Øvland 27-.

 

Landsmålsbygda Fjotland

”Fjotland ligg høgt til fjell i øvre enden av Kvinesdal. Fjotlendingane er frilynde i alle leider. Og dei er nationale som få. 2 ungdomslag arbeider i bygdi og dei hev m.a. avhaldssaki og målsaki på programmi.” (noko av ei melding til Den 17de Mai 15.11.1913) Målfolket er i stort fleirtal segjer meldaren, og meir enn halve by[g]di hev landsmål i skulen.

 

Om nynorsk som opplæringsmål

I den 17de Mai 20.7.1916 skriv lærar T. Eftestøl og fortel um dei gode røynsler dei hev gjor[t] med norsken til skriftleg bruk i Fjotland. ”Ingen som ikkje hev røynt det vil tru kor mykje det hev å segja i folkeskulen at borni fær si skriftlege upplæring på målet, segjer han og han fortel døme på det kor landsm. fell lettare å lære.

 

Nynorske lysingar i avisa Agder

Desse har sett har lyst på norsk i bladet ”Agder”: Jordstyret 18.5.1921, Næringsnemndi 5.1.1921, Vinstrelaget 8.8.1921, Sparebanken 20.11.1920, Sjukelaget 17.11.1920, Kvinlaug handelslag 23.8.1920, Austredalens songlag 23.4.1920, Austredalens ungdomslag 24.12.1920 og Fjotland krist. ungdomsl. t.d. 1918. Uppritet frå  heradet har og vore på norsk i desse åri.

 

Krav frå heradet om brev på nynorsk frå statsadministrasjonen

På herdast. møte i april i 1923 vart upplese brev frå ”Fjellhugnad og Austredalens u.l. ” der ungdomen bed heradsstyret krevja alle brev frå styremaktene på norsk. Heradstyret vedtok kravet samrøystes. Ag. T. 26.4.1923.

 

Fjotlandslagjet i Oslo med skrivetevling

Fjotlandslaget i Oslo sette i 1922 upp premie for det beste stykket skrive på fjotlands-mål. Agder 13.2.1922. Skulemeistrane må ikkje vera med, berre folk med mindre lærdom.

 

Innføring av nynorsk i heradsstyret

I møte 11.4.1925 vedtok heradst. samrøystes eit framlegg um landsmål i uppslag og brevbyte på norsk (Ag. T. 20.5.1925). I heradstyremøte 6.4.1926 sa ordføraren Sigbjørn Eiesland: ”Som eg sa på seinste møte, vil eg i dag etter uppmodinga taka til med å føra møteboki på landsmål. Det vil nok falla noko tungt for meg det fyrste, sidan eg hev havt all mi upplæring på riksmål. Men når Fjotland no er komen so langt som dei er i landsmålsvegen, at dei nyttar det i skulen, kyrkja og andre møte og forretningar, so er det ikkje undrast over at der er ynskje um at møteboki til heradstyret og vert førd på landsmål”. Ag.T. 13.4.1926

 

Nynorske vedtekter

Vedtekter og anna på norsk:

Logframlegg for Fjotland helselag prenta i Agder 15.4.1921.?

Politivedtekt for Fjotland herad vedteki  5.1.1934. Godkjend ved brev frå Justisdep. 18.1.1934. 2 sidor.

Vedtekt om stengingstid vedteki 13.4.1938, godkjend 19.7.1938.

Føresegn om vernskog? Frå 21.juni 1939. Landbr.dep.

 

Den fjotlandske landsmålslitteraturen

Segner fraa Fjotland. Uppskrivne av Johan Veggjeland. 248. Flekkefj:1913. Agders føljetong. Bl. 246.

 

Fjotland sparebank blir nynorsk bank

Fjotland sparebank fekk seg vedtekter og andre prent på norsk 1926.

 

Nynorsk i skulen

Fjotland herad -10.4.22: manntal 1000

Norsk vart innf. Til hovudmål i 5 krinsar 28.12.1908. Kvinlaug krins tok norsk 26. aug 1919. Helle krins i sept. 1919 med 16 mot 4 og Risnes og Lindefjell tok norsk same haust. D17M 8.9.1919, 30.11.1919. Ag.T. 13.9.1919.

Berre Salmelid krins stend att. då. Stoda 1924: 9 krinsar norsk, 1 dansk. Ag.T. 30.4.1924. og skulestyret brukar norsk.

Salmelid fekk norsk i 1927.

Svein Arne Myhren

 

Kjelder:

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie 2005

Eirik Helleve: Om Peder Hovdan. I: Gamalt frå Voss 2006

Peder Hovdan: Arkiv for norsk målreising

www.aasentunet.no, 25.7.2008 (Nynorsk faktabok)

- Antall besøkende: 1132704 - Online: 4 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart