AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
OLAVSTEINEN på Bjønndalsmyra

 

Det er eit gammalt segn frå Fjotland som seier at Olav den heilage, hadde ein stopp ved Bjønndalsmyra på vegen mellom Risøyne og Øvre Kvinlaug, like vest for Engedal.

Steinen som helgenkongen skal ha kvilt ved, lå like ved datidas hovudveg. Dette var jo lenge før den noverande dalevegen kom. Steinen er særmerkt og har fleire djupe hol som kan sjå ut til å være grove ut. Den spesielle staden der Kongen skal ha bunde hesten, er holet slik at det var greit å feste eit tau. 

Mange stadar i landet har segner om Helgenkongen, og det er ikkje lett å skilje ut kven som byggjer på historiske fakta og kven som berre er fantasi. Kan hende er det ikkje så viktig å skilje heller. Steinen på Bjønndalsmyra i Fjotland er eit artig skue, og det er ikkje vanskeleg å skjøne at den kan ha gitt rom for folkefantasien. Staden er fredfull og triveleg, og kvifor skulle ikkje Helgenkongen ha kvilt nett der?

PØR

Munnlege kjelder:
Aril Magne Stakkeland
Tønnes T. Kvinlaug

- Antall besøkende: 1086589 - Online: 12 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart