AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
OSKOREIA

 

Oskoreia, folkeleg trusførestilling knytt til joletid og myrketid då ein meinte ulike slags skrømt og vette som var ute. Den munnlege tradisjonen fortel at reia var eit fylgje av vette og daudingar til hest som ved joletider fór i veldig fart over landet og ståka og skapte ugreie for folk og dyr. Reia kunne ta med seg menneske på ferd, særleg om dei heldt seg utom dørene jolekvelden. Nokre skildringar seier òg at ein kunne oppleva å bli teken med når ein sov, medan hamen låg att i senga, som i marerittet. Ein meinte hestar kunne bli tekne med i reia og bli skamridne.

 

Oskoreia kunne bli leia av mannlege og kvinnelege vette. I Fjotland heitte et at det var Guyro Gunnårsdotte frå Vigmostad som førde oskoreia. Dette var truleg ei huldreliknande kvinne.

 

I Fjotland blir oskoreitradisjonen knytt til fleire gardar. Reia skal ha sala av både i Førlandsås, på Håland og på Røyland. Siste garden skulle det ha vore drepe ein mann. Oskoreia var gjerne knytt til stader der slike uhyggjelege handlingar hadde funne stad.

SAM

Kjelder:

Olav Bø: Norske årshøgtider 1980

Peter Lunde: Kynnehuset 1924

- Antall besøkende: 1086623 - Online: 7 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart