AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
PERSÆTET

Persætet er eit lite fjell som ligg like sør for Fjotlandsvatnet, toppen er 528 m.o.h.

I følgje sogeboka til Johan Jerstad har fjellet fått namn etter ein gard som har ligge nordvest for fjellet. Det skal framleis vere mogleg å sjå dei gamle åkrane som hørde til garden. Jerstad skriv også om at det skal vere ein gravhaug der etter ein kjempe som heitte Per. Namnet Per er det same som Peter, og kom til landet med kristendomen, truleg er garden difor rudd etter år 1000 e. Kr.

PØR

Kjelder:
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok 1949
www.norgeskart.no

 

- Antall besøkende: 1086583 - Online: 7 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart