AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
RISØY, Tore Asbjørnson

Tore Asbjørnson Risøy, rosemålar frå Risøy i Vesterdalen i Fjotland som danna skule innan rosemålinga i Fjotland og Vest-Agder.

Risøy blei fødd i 1762. Han døydde 14.5.1820 på Fåsdal i Gyland der han var på målaroppdrag. Så blei det så mykje snø at dei ikkje kunne få han heim, og så blei han gravsett ved Gyland kyrkje.

Han åtte heile Risøy, og arbeidde som skulemeister og kyrkjesongar. I 1814 var han valmann og og var med og valde 3 utsendingar frå Amtet til å møta på Eidsvoll. Tore var den fyrste store i ei lang rekke av rosemålarar frå Fjotland.

Han var ein særs dugande rosemålar og kjend for å ha måla den såkalla Tonstadbua som i dag er å finna på Vest-Agder Folkemuseum i Kristiansand. Dette gjorde han så tidleg som i 1780. I 1791 måla han Grindheim kyrkje. Det var eit stort arbeid og der hadde han med seg andre rosemålarar, deriblant det unge talentet Guttorm Eftestøl.

PØR

Kjelder:
Johan Jerstad: Fjotland sogebok 1949

- Antall besøkende: 1086617 - Online: 10 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart