AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
EFTESTØL, Olav Andreas

 

Olav Andreas Atlakson Eftestøl, skulemann og politikar frå Fjotland i Vest-Agder. Han var ein gåverik lærarseminarist som nådde langt i norsk skulesektor og sette merke etter seg i skulehistoria. Eftestøl var den fyrste utan akademisk utdanning som blei skuledirektør.

 

Eftestøl var fødd i 1863 og døydde i 1930. Han tok lærarprøva i Kristiansand i 1882 og blei lærar i Hægebostad  i Vest-Agder og så i Hedrum i Vestfold. I 1890 flytte Eftestøl til Elverum i Hedmark. Her kom han til å styra lærarskulen frå 1894 og fram til 1907 då han blei skuledirektør i Hamar bispedøme.

 

Eftestøl var ein sentral skulepolitikar rett etter hundreårsskiftet. Frå 1906 til 1915 representerte han Arbeiderdemokratene på Stortinget der han m.a. var leiar for kyrkjenemnda, lærarutdanningskomitéen og lærebokkomitéen. I perioden 1912-15 var han varapresident. Som medlem av ulike offentlege skulenemnder, skribent og talar var Eftestøl ei viktig røyst i samtidas skulespørsmål. Gjennom nemndsarbeidet var han med å leggja grunnlaget for den norske einskapsskulen.

SAM

Kjelder:

Olav Sundet. I: Norsk allkunnebok. Oslo 1948.

- Antall besøkende: 1200574 - Online: 13 - Sist oppdatert: 22.09.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart