AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Dekorativ måling i Fjotland kyrkje

Det fyrste som slår ein når ein kjem i inn i kyrkja, er kanskje det at dei grove tømmerveggene i kyrkja er umåla. Det har dei nok vore så lenge kyrkja har stått, for ein finn ikkje målingsrestar i furer og sprekkar i veggstokkane. Ein skulle jo kanskje tru at ei kyrkje i Fjotland, der rosemålingshandverket lenge stod så sterkt, ville blitt dekorert av dugande, lokale handverkarar. Grindheim kyrkje i Audnedal som blei bygd på slutten av 1700-talet, er rikt dekorert med typiske fjotlandsroser og bibelske motiv av den kjende rosemålaren Tore Asbjørnson Risøyne frå Fjotland. Då Fjotlandskyrkja stod ferdig i 1836, var det nok nokre tiår for seint til at rosemåling av store veggflater var den mest aktuelle utsmykkinga. Ein skal ikkje sjå vekk frå at gryande pietistiske straumdrag la føringar for å velja eit enkelt utsmykka kyrkjerom.

Kva er det så som finst av dekorativ måling i Fjotland kyrkje? Det kanskje mest særmerkte dekorarbeidet i sjølve kyrkjeromet er dei vakkert utskorne fjølene mellom benkeradene, vangane. Kyrkja gjekk gjennom eit større restaureringsarbeid på 1930-talet då kyrkja feira hundre år. Ein del av dette inventaret skal vera frå den gamle kyrkja som blei reist på Fjotland i 1670 og riven i 1834-35. Men restar av inventaret fanst enno i bygda på ulike gardar. Mykje av det gamle kom så på plass i 1936. Vangane er haldne i sterke fargar som forsterkar dei utskorne felta og rankene. Ser ein nærmare på dørene, så oppdagar ein at desse er påførte gardsnamn frå Fjotland med sirleg skrift. Det høyrer med til historia at dei ulike gardane hadde faste plassar i kyrkja fram til 1881, og dei sat etter skylda – dei som betalte mest sat lengst framme.

Det var truleg Bernt Atlakson Spillebrok som utførte målingsarbeidet då kyrkja var ny. I kyrkjestolen, rekneskapsboka for kyrkja, kan ein nemleg lesa: ”Bernt for maling efter akord 40 spd.”. På 1860-talet hadde også Olav Torgrimson Knaben oppdrag i kyrkja. Begge desse var rosemålarar. Spillebrok hadde tidlegare utført arbeid på andre kyrkjer lengre aust, og Knaben reiste mykje ikring på bygdene, særleg i Sirdal, på målarferd og dekorerte kister og bollar. Men det var ikkje alltid oppdraga til rosemålarane frå Fjotland var tradisjonelle rosemålingsoppdrag. Dei var målarar som meistra mange uttrykk og hadde omfattande kunnskapar om fargar og teknikkar.

Fargane i kyrkjeromet går i gull, grått, grågrønt og bonderaudt. Men slik har det ikkje alltid vore. På fotografi frå førre hundreårsskiftet ser ein at det var mykje kvitmåling i kyrkjeromet, og m.a. veggen framme i koret var kvitmåla. Mykje blei så tilbakeført ved det alt nemnde restaureringsarbeidet i 1936. Galleribrystinga, søylene og dei breie, profilerte listene i kyrkjeskipet er marmorerte. Dette er ein målingsteknikk der ein freistar skapa ei overflate som ser ut som marmor. Denne imitasjonsteknikken var det mange av dei gamle rosemålarane som meistra. Me finn denne og andre imitasjonsteknikkar (eik, mahogni o.l.) brukt på senger og skåp i distriktet vårt utetter 1800-talet.

Det likevel mest spennande av den dekorative målinga i kyrkja, må ein ta troppene opp på trevet for å finna. Vel oppe legg ein merke til kvite liljeliknande blomar på raud bakgrunn på rekkverket ute i gangromet. Dette arbeidet stammar òg frå gamlekyrkja. Ser ein endå nærmare etter oppdagar ein detaljar som tyder på at også gamlekyrkja i Fjotland blei måla av ein av dei vidspurde rosemålarane som budde og verka i bygda kring 1800: På rekkverket, i fyllingar på det som truleg har vore stolsbard i den gamle kyrkja, kan ein skimta ein mannsperson. Det er ei naivistisk framstilling av Moses med dei to steintavlene me ser her. Litt lengre nede på same området er faktisk òg ei karakteristisk, sirkelrund fjotlandsrose.

 

Den dekorative målinga i Fjotland kyrkje fortel altså om historie og stildrag som går lenger attende enn alderen til kyrkja som står i dag. Her er eit kyrkjerom som byd på fantasifulle og fargerike detaljar som appellerer til sansane. Samstundes er det ei kyrkje som har store og rolege flater der auga kan finna ro. Her finn ein vakre omgjevnader som kan vera med å forsterka opplevinga i ei gudsteneste.

Svein Arne Myhren

- Antall besøkende: 1083953 - Online: 6 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart