AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
«Fjotlandsmålarane»

I denne framstillinga om fjotlandsmålinga og fjotlandsmålarane, er det ikkje stilhistorie, ornamentikk- og fargeval som står i sentrum. Her ligg vekta meir på det som gjekk føre seg rundt denne aktiviteten enn sjølve rosemålinga: Kven var rosemålaren? Kva kan rosemåla gjenstandar fortelje oss om denne tida? Kvifor og korleis oppstod rosemålinga?

Fenomenet 'rosemåling'
Rosemåling er ei norsk nemning for eit fenomen ein finn mykje av i europeisk folkekunst. Å rosa vil i mange norske dialektar seia det same som å dekorera (Ellingsgard 1999:10). Ein kan såleis seia av rosemåling er det same som dekorativ måling, også fordi det er meir enn rosemotivet som fell inn under rosemåling. ”Både ornamentikk, bildemotiv, marmorering og geometriske mønster høyrde naturleg med til denne frodige greina av folkekunsten, der rosene med akantus og blomar (…) utgjer den viktigaste delen” (ibid.). Her i landet er det vel særleg Telemark og Hallingdal som gjerne blir dregne fram som dei to ypparste tradisjonsområda for rosemålinga med mange og dugande målarar. Her kom rosemålinga tidleg og fekk tid til å utvikla seg og nå eit høgt nivå. Men også i Vest-Agder finn ein då altså ein rosemålingstradisjon som har ei sjølvstendig og interessant utvikling med rosemålarar som nådde langt i utøvinga si.

Registrerte rosemålarar i Vest-Agder

Kunsthistorikar Bjørg Skjoldal i Eiken har gjort eit større registreringsarbeid av rosemåla gjenstandar i fylket dei seinare åra, og ho har kunna identifiserte om lag 50 forskjellige rosemålarar frå Vest-Agder (Sirdølen 29.04.03). Storparten av dei registrerte rosemålarane i Vest-Agder kjem frå Fjotland, og av dei eldste og skuledanande målarane er mest alle fjotlendingar. Elles er det målarar frå Urdal i Gyland og Røyseland og Versland i Kvinesdal som seinare står fram som gode representantar for Vest-Agderstilen, men i bygdebøkene ser ein at også desse har kome frå eller ættar frå Fjotland (Lindefjeld 1984:294/Årli 1972:377). Etterkvart kjem også Sirdal og Åseral inn som rosemålingsbygder, og her blir det utvikla nye stilretningar med røter til uttrykk i Setesdal og Telemark.

 

"Fjotlandstulipanen" er fjotlandsrosa: Stil og fargar i Fjotlandsmålinga

"Sjølve blømingstida [for rosemåling i Vest-Agder] tok til i 1780-åra, med Fjotland som kunstnarleg kraftsentrum. Denne bygda langt vest i fylket har gjort Vest-Agder kjent som eit av dei fremste rosemålardistrikta våre. Her vart grunnen lagd til ein lokalstil som heldt fast på mange karakteristiske trekk heilt til folkekunsten miste livskrafta mot slutten av det 19. hundreåret" (Ellingsgard 1999:229).

Symmetri: Kva kjenneteiknar denne stilen med utspring i heiebygda Fjotland? Stilideal henta frå barokken er viktig og tydeleg til stades i det meste av fjotlandsmålinga. Barokken sine blome- og rankemotiv går igjen. Det mest karakteristiske for Vest-Agderstilen er den symmetriske oppbygnaden, sirkelrunde blomar (rosene) og den tulipanliknande blomen. Denne typen arbeid finst det også eit godt døme på på ei dør borte på museumssamlinga i Tingstova her på Fjotland. Dei todelte blokkene med ulik farge på kvar halvpart er kan hende det mest typiske for Vest-Agderstilen, ettersom Vest-Agder er åleine om nettopp dette (Strædet 1999:107).

Tulipanar: Den stiliserte og ofte omforma tulipanen er eit framtredande motiv ved fjotlandsmålinga. Såleis kan ei seia at det er tulipanen og ikkje rosa som er det mest karakteristiske i den fjotlandske (rose)målinga. Ein kunne kanskje vore freista til å dra sambandet til Holland og impulsar frå handel mellom kysten av Vest-Agder og Holland som bakgrunn for bruken av dette tulipanmotivet. Også fleire fjotlendingar skal ha vore i Holland (Veggeland 1982:219) men påstanden om at dette skulle ha direkte innflyting på rosemåling er vel heller noko usikker. Det var iallfall lite av eit større kulturelt hopehav mellom dei indre bygdene på Agder og hollandske kjøpmenn, og dessutan var kontakten mellom dei to område mindre når ein kjem mot slutten av 1700-talet. Påverknad og inspirasjon kom truleg i fyrste rekkje frå bymåling, mønsterstikk og innførde arbeid frå den tida då barokke uttrykk gjorde seg gjeldande ute i Europa.

Fargebruk: Lenge var det naturfargar ein brukte i målinga. Den tidlege rosemålinga kan ein ofte karakterisera med ordet måtehald. Det er sjeldan overlessa, fargane kan vera friske, men dei er avpassa kvarandre (Ellingsgard 1985:25). Ein del av dei eldre arbeida er trekvite utan botnfarge. Blåfargen ser ein elles oftast i den tidlege perioden som botnfarge, og det blei blanda med svart eller kvitt fargestoff ettersom ein ville dempa eller lysna fargen. I dekorerte felt, t.d. i arkadar på rosemåla kister, er kvitfargen mykje brukt som botnfarge. Utover 1800-talet blei det meir vanleg med syntetiske fargar og med det nye fargar og fargenyansar, og dette er med på å endra uttrykket i rosemålinga.

 


Fest og fantasi: Motivval og biletunivers i målinga
I rosemålinga finn ein mykje figurative motiv òg. Eit typisk temamotiv ved rosemålinga i Vest-Agder er brurefølgje. Det er elles berre Setesdal som har noko særleg av denne motivkrinsen som knyter seg til bryllaup og ekteskap (Brekke 1985:29) Som erfarne familiefotografar me er, så veit me at det gjerne er fest, ferie og høgtid som gjerne er vigd breiast plassen i familiealbumet. Så det er kanskje ikkje så rart at folk flest ville ha motiv dei assosierte med glede og fest når dei fyrst skulle investera i dekormåling.

Biletbøkene: Andre motiv finn ein òg: Bibelske motiv (t.d. Samson og løva, Absalon hengjande i treet) finn ein ein del av, og dei hadde gjerne bibelillustrasjonar som utgangspunkt. Riksløva dukkar opp i dørfyllingar og på kister. Me finn andre motiv så som dyremotiv med eksotiske dyr henta frå verdslege illustrerte bøker. Attåt bibelen og postillen var det lite litteratur i heimane, men enkelte bøker rekna for vanlege folk eksisterte innimellom. Museumsmannen Peter Anker fortel om målaren Pål Grøt frå Ål i Hallingdal som i 1835 rosemåla eit skåp som òg har framtredande dyremotiv; ein elefant og ein kamel. Motiva er truleg henta frå ei av dei få biletbøkene ein kunne finna på bygdene på denne tida, biletordboka Orbis pictus sensualium, ”Den sanselege verda i bilete”. (Anker 1975:9). Også fjotlendingane kunne måla eksotiske dyr. På ei skål måla av Tore Asbjørnson Risøyne i 1788 finn ein mellom anna ei dyrefrise som viser namngjevne dyr som ”Biørnen, Ulven, Ræven, Haren, Kamelen, Crocodillen, Dragen, MareKatten, TigerDyret, Æselet, Hiorten, Løven, Elephanten, abeKatten” (Brekke 1985:31). Me må rekna med at draken for lengst var blitt utrydda i Fjotland på denne tida, og det var truleg lite av krokodillar og elefantar i 1780-åra. Så motivet har sannsynlegvis kome frå ei illustrert folkebok eller eit eittbladstrykk laga til dekor og til bruk som mønster. Slike eittbladstrykk blei gjerne kalla kistebrev fordi dei ofte blei limte på innsida av kister.Utover 1800-talet blir det mindre av dei figurative motiva, og blomar og rankar tek over.


Skriftlege framstellingar i rosemålinga: Samfunnsoppfatning og -kritikk
Frå Tonstadbua som ein no kan sjå på fylkesmuseet i Kristiansand, finn ein mellom anna motiv som viser representantar frå dei gamle samfunnsstendene: Attmed offiseren står skrive: ”Jeg Strider For Eder”, ved presten: ”Jeg Beder For Eder” og ved bonden: ”Jeg Op Holder Dykk Adde Same”! (Ellingsgard 1999:231) Bonden slår over i tidas fjotlandsmål og det er tydeleg eit spark til embetsmenn og ”øvrigheit”.  Det var den 18 år gamle Tore Asbjørnson Risøyne som i 1780 måla veggene i dette huset og samtidig artikulerte han ein samfunnskritikk og medvit og byrgskap over å høyra til det han meinte var den samfunnsberande gruppa.

Ølbollar og skålrim: Går me tilbake til ølbollane med brurefølgjemotiv, finn ein også her små tekstar og kommentarar knytte til dei ulike figurane i motivet (bonen (viseverten), spelemannen,  brura, brudgommen og dei andre)  som kan seia noko om livet og mentaliteten i samtida. På ein ølbolle frå Heskestad måla 1804 av Atlak Kolbeinson Håland frå Fjotland (f. 1761) finn ein desse korte innskriftene attmed dei ulike deltakarane i brurereia:

Hey Naa Kiæmme mee / Slage paa Tromaa / Spil op Tosten /Brudgommen / Joen Skonna dæg / Bruden / sjå Naa fer du af / Hey  saa lad os Ria fort / Naa foer Du som en Skarv, ha, ha, ha. (Brekke 1985:32)
 
Det blir mest som ein teikneserie som harselerer over fyll og drukkenskap, og ved å bruka dialekt og lokale namn knyter målaren eit vandremotiv inn i ein lokal og konkret samanheng. På same bollen er òg teikna dei fem kloke og fem fåvise brurmøyane som er med på å understreka ein dobbel bodskap kring brudemotivet.

Denne doble bodskapen finn ein også att i skålrima som var ein viktig del av uttrykket i ølbolledekoren. Her har me t.d. følgjande tri rim:

”Naar Gud dig Glæder med Gaverne sine / Bedrøv Ham da ikke med Syderne dine” (Tore Asbjørnson Risøyne)
”Om Ølet smager sødelig  / saa drik ei overflødelig / Betænk at du er dødelig” (Olav målar)
”Drik ei saa du faar hovedverk og vunt udi din pande / men drik saa du blir frisk og sterk min kjære gode grande” (Tore Årstøl 1869)

Men rima speglar alle slags syn og haldningar til ølet, avhengig både av oppdragsgjevar, målar og det rådande synet på alkohol i samtida. Døme på det andre synet finn me i t.d. desse påskriftene: 
”Drik saa længe du formaar / indtil du i hoved faar” (Olav Torgrimson Knaben)
”Gud velsigne dei kroppa som svarva saa hole koppa” (Gudtorm P. Eftestøl)

 


Korleis oppstod rosemålinga i Fjotland?
Litteraturen fortel at rosemålinga i Vest-Agder dukkar opp ca. 1780 med Tore Asbjørnson Risøyne i Fjotland. Korleis kan det ha seg at tradisjonen oppstod nettopp her. Mykje er nok tilfeldig, men ein kan likevel prøva å finna grunnar til at Fjotland på denne tida blei ei rosemålingsbygd.

Oppheving av skatteplikt: I 1782 hadde styremaktene delvis oppheva skatteplikta for utøving av handverk på bygdene Skatteplikta var blitt innført førti år tidlegare i 1742. Ein kunne no søkja styresmaktene om å få driva handverk (Kloster 197?:126) Før denne tida var det sterke restriksjonar for utøving av dei fleste handverk og kunstformer på bygdene. Ein måtte vera knytt til eit laug i ein by og ha borgarbrev og driva handverket frå denne byen. Det hende at handverksmeistrar i byane hadde folk kring om på bygdene som tok arbeid for dei, men å driva på eiga hand var ikkje lov. Då skatteplikta så kom i 1742 var det få som oppgav at dei dreiv handverk, sjølv om dei kanskje gjorde det, nettopp for å unngå skattlegging. Men opphevinga av skatteplikta på sjølve utøvinga av verksemda kan vera ein medverkande årsak til at rosemålinga i Fjotland skyt fart i 1780-åra. Men i andre delar av landet var rosemålinga nærverande mange tiår før dette. Så det forklarer ikkje alt.

Handverkartradisjonar: Det var andre handverk som var sentrale då rosemålinga tilsynelatande dukkar opp mot slutten av 1700-talet i Fjotland. Smiing og treskjering var viktige handverk og handverkarar laga vakre bruksgjenstandar. Og at det har vore dugande handverkarar i Fjotland på denne tida før rosemålinga kom til, må ein gå ut frå, og dette kan ha gjeve eit godt utgangspunkt for andre handverk der finarbeid og estetisk sans er avgjerande.

Nye hustypar: Ser ein landet under eitt er det tydeleg at utvikling av nye hustypar opnar for nye måtar å innreia og dekorera stovene på. Dei gamle årestovene blei utetter 1700-talet avløyst av hus med innebygd eller delvis innebygd eldstad som igjen gav høve til å byggja hus i to høgder (etasjar) Mindre røyk og fleire og større rom gav plass for nye og dekorerte møbel. Denne utviklinga kom til Fjotland og dei vestre bygdene i Vest-Agder heilt mot slutten av 1700-talet. Dette er eit døme på ein materiell føresetnad som gav auka etterspurnad etter nye tenester knytt til dekorering og utsmykking av stover, innbu og gjenstandar.

Folkeauke: Ein annan generell tendens i samfunnet på denne tida, er at folketalet aukar. Det er fleire folk kringom i bygdene som skal ha eit utkome og levebrød. Dette er før ein kan reisa til Amerika og før industrien i byane absorberer folkeoverskotet på landsbygda. Mange stader var utviklinga av husmannsvesenet ei følgje av dette overskotet. På Agder blei aldri husmennene særleg talrike. Dei som blei husmenn var heller ikkje så bundne med arbeid til hovudbruket, men dreiv jord og spedde gjerne på med handverksarbeid.

Attåtnæring: Til like med mange andre bygdehandverk var rosemålinga eit handverk som kunne gje ekstra arbeid og inntekter attåt det ein hadde av utkome i jordbruket. Rosemålinga blei ei viktig attåtnæring. Gardane var jamt over små og ofte tungdrivne i vårt område. Arbeidet var og er mest intenst i den varme årstida, og det skapte ein årsrytme som gav rom til anna syssel i vinterhalvåret. Dei fleste av rosemålarane i Fjotland var knytte til primærnæringane, og det resulterte i ein type sesongarbeid.

Ein kjenner til at enkelte av dei mest kjende handverkarane i Noreg alt tidleg spesialiserte seg på kunsthandverket sitt. Me veit at Skjåk-Ola i Ottadalen sa frå seg odelen til storgarden han hadde rett på og flytte til ein husmannsplass så han kunne konsentrera seg om handverket sitt - treskjerarkunsten (Kloster ?:141). Dette er sjølvsagt eit særtilfelle. Men det er klart at handverket kunne gå ut over gardsdrift – om omvendt. Dei fleste rosemålarane var heller ikkje spesialistar. Dei dreiv gjerne fleire handverk eller var knytt til fleire yrke – dei dreiv mangesysleri. Gudtorm Person Eftestøl var ein slik mangesyslar. Han var også velkjend som treskjerar, som tømrar og som snikkar. Han hadde på denne måten fleire bein og stå på. Han kunne ta fleire og ulike oppdrag som kunne bestå i både snikkararbeid, treskjering og måling. Sjølv om dette var ein særleg gåverik universalist, var ikkje kombinasjonen med andre yrke uvanleg: Husmålar og rosemålar, Kyrkjesongar, lærar og rosemålar, spelemann og målar. Her ser ein at kombinasjonen av fleire yrke med kunstnarlege tilsnitt dukkar opp – eg tenkjer då ikkje fyrst og fremst på læraryrket!

Kunstnaren og handverkaren
Det er alltid vanskeleg å vurdera folkekunsten i høve til den profesjonelle kunsten utøvd av utdanna kunstnarar. Å vurdera rosemåling som kunst er difor litt problematisk om ein legg vanlege definisjonar på kunst til grunn. Det blir rett og slett urettferdig i høve til rosemålinga og målaren. Ein bruker gjerne omgrepet ’folkekunst’. Folkekunst er kunst skapt av og vanlege folk for vanleg folk, og utøvaren har ikkje formell utdanning i faget sitt. Me kan seia at folkekunsten og bygdehandverket er tilnærma synonyme omgrep.

Når ein då vurderer det kunstnarlege nivå må ein difor også ta med dei føresetnadene rosemålarane arbeidd under: Då blir ein ofte fascinert av kva dei kunne få fram av vellukka resultat. Dei var meir eller mindre sjølvlærde eller opplærde i eit bygdemiljø utan noko formell utdaning frå kunstskular eller akademi. Dei færraste hadde gått  i handverkarlære – iallfall ikkje det me kjenner til av målarane i Vest-Agder. Me veit jo ikkje kvar Tore Asbjørnson Risøyne lærde seg måling, og når ein veit at fyrste store arbeidet hans, Tonstadbua, fullførte han berre 18 år gammal, blir det ut frå desse føresetnadene ein ganske fantastisk prestasjon me talar om. Då får det heller vere at noko av figurarbeidet viser manglande anatomiske kunnskapar, eller at det finst ein og annan feil innimellom.

Meister og svein: Sjølv om det ikkje eksisterte noko formelt handverkslaug på bygdene med meister og svein, slik det var i byane, er det likevel interessant å sjå korleis kunnskapar og yrkesutøving blei overlevert frå eldre til yngre målarar. Ein blei sosialisert inn i yrket på same måte som det gjekk føre seg i arbeidsfellesskapet på tvers av generasjonane på garden – eller for den del slik meister overleverte kunnskapar om handverket til læresveinen i byen. Tore Asbjørnson Risøyne hadde med seg Gudtorm Person Eftestøl som hjelpegut då han hadde oppdraget med å måle Grindheimskyrkja i 1791. Då var Gudtorm ikkje meir enn 12 år gammal (Ellingsgard 1985:16). Vidare var det den same Gudtorm Eftestøl som var meisteren då han og den om lag 30 år yngre medhjelparen Knud Knudson Årstøl (f. ca. 1810) måla Bjelland kyrkje fleire år seinare (Lindefjeld 1984:296).

Givnaden: Ein viktig føresetnad for å lukkast som rosemålar var jo sjølvsagt at ein kunne måla. Det var òg sjølvsagt skilnad på dei som hadde kunstnargivnaden og dei som ikkje klarte å skapa eit eige uttrykk eller som kanskje helst var noko tunge på penselen. ”Å måla som Gudtor i Eptestøl” var eit lovord i Fjotland (Lindefjeld 1984:295). Også Torgrim Olson Knaben (1774 – 1840-åra) gjekk for å vera ein dugande målar i bygdene våre. Sønene fylgde etter faren i den same gjerninga, men skal ikkje hatt den same teften og givnaden som faren. Eine sonen, Olav Torgrimson Knaben, som arbeidde mykje i Sirdal, skal visstnok blitt kalla Klabb-Ola på folkemunne. Og det er vel truleg på grunn av målinga hans han fekk dette utnamnet. Handverket er såleis ikkje alltid synonymt med kunst.

Så når rosemålaren kom til gards, var det altså ikkje fyrst og fremst kunstnaren som kom på besøk. Det var målaren som skulle utføre eit stykke arbeid (Brekke 1985:36). Den jamne rosemålaren blei sett på som ein handverkar i samtida si. Inngåande, praktiske kunnskapar som å kunna riva og blanda fargar, ofte laga til eigne reiskapar, var ein viktig del av det ein rosemålar måtte meistra. Men det var jo nettopp i det praktiske og dels matnyttige handverket av dei verkeleg dugande og gåverike utøvarane fekk sjansen til å uttrykkja seg som kunstnarar.

Det er helst ettertida gjennom den romantiske vektlegginga av kunstnaren som geni saman med den opphøgde statusen som den gamle bygdekulturen fekk i nasjonsbygginga utetter 1800-talet, at den dyktige handverkaren blir sett fyrst og fremst som kunstnar. Og kunstnarar mot slutten av 1800-talet brukte aktivt folkekunsten i kunsten sin, og slik flaut det dels inn i kvarandre.

 


På målarferd
Rosemålaren var ein omreisande som tilbaud tenester. Han kunne vera bodsendt, eller han var på utkikk etter arbeid der han for frå bygd til bygd. Han er såleis ein del av ei utvikling på bygdene der mellom anna handverkarar og handelsfolk, tenestefolk og gjætarar måtte leggja ut på lengre eller kortare arbeidsvandringar for å skaffa seg innkomer. Dei blei ein del av ei gruppe som spreidde og som mottok impulsar frå andre bygdelag. Rosemålaren hadde òg gjerne vore i byen på oppdrag eller for å handla farge og utstyr. Slik hadde dei sett og opplevd mykje meir enn det mange i bygda og på garden hadde.

Rosemålaren Torgrim Olson Knaben var mykje ute og måla. Ein gong han hadde fortalt om ferdene sine, sa ei av døtrene: ”Å du fælighed! Verde er vide, tenk Spind og Spangereid, byen og Hidra”. Torgrim Olson Knaben døydde i 1840-åra, og dette er nok ei herme som har blitt meir og meir komisk med åra ettersom verda faktisk har blitt mindre for oss. Utsegna er likevel eit vitnemål om ei beundring for den ”bereiste” og statusen som fylgde med reisinga òg – då som no.

Det beste vitnemålet som dokumenterer arbeidsferdene til rosemålaren har me frå Ole Goudson frå Versland i Kvinesdal. Han dokumenterte reisene sine, kvar han arbeidde og kva han fekk i betaling. Det fører for langt å gå inn i alle detaljar kring dette her, men også gjennom denne dokumentasjonen er det rosemålaren som handverkar som trer fram (sjå Brekke 1985).


Kor blei det av rosemålarane og rosemålinga?
Ein seier ofte at rosemålinga hadde ein blømingsperiode her i landet mellom 1750 – 1850. I Vest-Agder kjem rosemålinga fyrst med full kraft mot slutten av 1700-talet. Eg har nemnt nokre ytre faktorar som kan forklara kvifor rosemålinga oppstår som uttrykk på dette tidspunktet: Økonomi og næringsstruktur; lov- og skattereguleringar; endringar i byggjeskikkane, folkeauke m.m.

Industrialiseringa: Industrialiseringa utover 1800-talet skapte også grunnleggjande endringar i bondesamfunnet, det me gjerne kallar det store hamskiftet, med ny teknologi, pengehushald og tilgang til rimelege industriframstilte varar. Dette var med på å utkonkurrera rosemålingshandverket. Industri utkonkurrerer handverk. Samstundes blei det meir vanleg med såkalla ådringsmåling på dører og møbel, dvs. treimitasjonar av t.d. eik, kirsebær, mahogni og liknande. Dette blei meir populært, og rosemålinga gjekk rett og slett av moten. Men ser ein på utviklinga i målinga på Agder, var det lenge før rosemålinga blei vekke, ein del teikn som tyda på lite nyskaping og utvikling. Kulturhistorikaren Gisle Midttun (1881 – 1940) skriv i 1925:

Etter den tidi [1800] vert  målingi meir og meir turr. Dei hermer etter kvarandre og tek dei same motivi uppatt og uppatt, til det vert keidsamt. Det er berre handverk. Rosemålingi held seg til ikring 1880; med då er det slutt. Det siste vert fargane meir og meir ljote og høver ikkje godt i hop. Sume gjer so reint for mykje av det òg. Dei toler mest ikkje å sjå ein flekk av botnfargen. Det heile skal vera utfylt med rosor (Midttun 1925:91).

Folkekulturen gjekk ikkje til grunne sjølv om den tradisjonelle rosemålinga blei borte som levande handverk. Mange eldre handverk var i skotet då den nasjonale bylgja skylde over landet kring 1900, men kanskje meir som husflids- og fritidssyssel. Folkekulturen fann nye uttrykk basert på nye strukturar skapte i eit samfunn i sterk endring. Rosene og tulipanane med røter i Fjotland forsvann frå den nasjonal rosemålingsfloraen etter ei hundre år lang blømingstid på Agder.

Nye roser: Rosemålinga har ein annan funksjon og ein annan plass hos oss i dag enn for 150 år sidan. Me har mange framståande og dugande rosemålarar i landet vårt i dag òg. I Vest-Agder kan eg trekkja fram Marie Strædet frå Laudal i Marnardal som ein dyktig representant og vidareførar av den lokal stilen. Ho har teke opp att det lokal uttrykket med utgangspunkt i eldre rosemåla gjenstandar i musea på Agder og utvikla ein sjølvstendig stil tufta på arbeidet til dei gamle rosemålarane. Så vidt eg kjenner til er ho den einaste i dag som fullt ut baserer arbeidet sitt på den gamle Vest-Agder-stilen. Men det ser ut til at det er aukande interesse for denne stilen, og mange egder som skal ha noko rosemåla i dag, ønskjer ofte eit uttrykk som byggjer på den tradisjonen som spirte fram i Fjotland for godt over 200 år sidan og som feste seg til skåp, dører, kjenger og bollar utover agderbygdene og nærskylde bygdelag. Ny interesse for denne målinga kjem kanskje no når mykje av dette gamle er borte?

Svein Arne Myhren

 

(Artikkelen byggjer på eit føredrag som blei halde på Fjotland bygdemuseum sundag 8. august 2004 som ein del av Museumsstafetten 2004 skipa til av Aust- og Vest-Agder fylkeskommunar)

- Antall besøkende: 1043583 - Online: 29 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart