AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Norsk Allkunnebok: Fjotland
Publiseringsdato: 22.09.2008

 

Av dei mange fjotlandsframstillingar i litteraturen, er nok leksikonartiklane dei mest vanlege. Til vanleg blir Fjotland tilgodesett med eit par linjer. Likevel finst det unntak: Den mest detaljerte framstillinga av bygda i noko leksikon er truleg den som finst i Norsk Allkunnebok, det nynorske leksikonverket som blei til i åra etter siste verdskringen.

 

Vossingen Arnulv Sigurd Sudmann (1912-81) var hovudredaktør for det leksikalske verket Norsk Allkunnebok frå 1945-60. Norsk Allkunnebok var ei verkeleg storsatsing. Her skulle ein få eit omfattande standardverk på nynorsk. Det var forlaget Fonna forlag som tok på seg denne oppgåva. Leksikonet har mange kvalitetar og er sterk på m.a. norske kommunar og har mange gode biografiske artiklar. Pga økonomiske problem måtte ein setja ned ambisjonsnivået og prøva å landa prosjektet før ein eigentleg hadde ønskt det. Det førte til at siste delen av tibandsverket måtte ta føre seg ein litt for stor del av den gjenståande delen av alfabetet som enno ikkje var ferdigstilt då økonomien gjekk over styr.

 

Norsk Allkunnebok knytte til seg ei rekkje dugande fagfolk på alle slags fagfelt som redaksjonsmedarbeidarar dei åra utgjevingane pågjekk. Mellom medarbeidarane finn me m.a. ingeniør Johan Jerstad, mannen som i Fjotland nok er mest kjent som bygdebokforfattar av fjotlandsbøkene. Leksikonartikkelen ”Fjotland” er derimot skriven av topografen og majoren Per Tang, og den innleiande namneforklaringa i artikkelen er gjort av namnegranskaren og landsgymnaslektoren Eivind Vågslid.

 SAM

 

Denne elektroniske nypubliseringa av artikkelen som du finn nedanfor, er gjort med løyve frå Fonna forlag.

 

Kjelder:

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie 2005

Norsk Allkunnebok

 

 
Logoen som prydar tittelblada i leksikonverket Norsk Allkunnebok. (Foto: Norsk Allkunnbok)

 

Fjotland (truleg til gno. fjlót, stillrennande, brei elv e. vatn. E.V.), herad, pr.gj. og kyrkjesokn, V.-Agder, høyrde truleg til Feda skipreide, høyrde til 1670 til Liknes (Kvinesdal) sokn, fekk då kyrkje, vart eiga sokn og vart lagt til Hægebostad (”Øvre Kvinesdal”) pr.gj. I 1841 vart F. ført over til Kvinesdal pr.gj., men vart alt i 1856 eige pr.gj. F. var eige herad frå 1838 til 1841, høyrde så til Kvinesdal h. til 1858 då det på nytt vart sjølvstendig h.  Flatevidd 599,68 km2, av det 241,20 n. f. Knabedalen (gamalt kart) og 358,48 km2 s. for dalen (nytt kart). Av dette siste 899 vatn, 23,31 km2 med 147 holmar 0,57 km2, myr 16 km2. 41,42 km2 ligg ml. 150 og 300 m o. h., 244,57 km2 ml. 300 og 600 og 72,09 km2 ml 600 og 900 m o. h. I den n. delen er det og mange vatn. Av lendet her ligg oml. 30 km2 ml. 300 og 600  og oml. 211 km2 ml.600 og 951 m o. h. F. er eit innlandsherad kring elva Kvina og sideelvane, fjellbygd med spreidde busetnader og ikkje så lite skog – 18 til 60 km opp i landet. Av den 132 km l. Kvinesdalen (Vesterdalen) (s. d.) ligg 50 km i F. Nedste delen ligg oml. 150 m o. h., øvste bustaden, Salmeli, 543 m o. h. Litlådalen (Austerdalen) (s. d.) er i F. 25 km l. Han ligg noko høgre – frå 233 til 648 m o. h. Frå desse hovuddalane skjer ei mengd sidedalar seg inn ml. Heiane og fjella og kløyver lendet sterkt opp. Høgste fjellet er Grungevassnuten, 951 m, i n. delen av heradet. Lenger s. når Øyvassfjellet 849, Fjotlandsfjellet 615 og Grimeknuten i grensa mot Kvinesdal 488 m o. h. Fjellgrunnen er gl. granitt. Største elvane er Kvina (Storåni) og Litlå (s. d.). Kraftmengda i Kvina i F. er rekna ut til 145 100 hk, av det er 31 100 statseige. Berre 500 hk er utbygde. Største vatnet er Fjotlandsvatnet, 1,04 km2, 331 m o. h. Folketalet var i 1769 671, i 1801 689, i 1855 1089, i 1900 977, i 1930 1139, i 1946 1503 i 360 hushald og i 1950 1389, 2,4 på kvar km2 land. Gruvebyen Knaben hadde i 1946 249 menneske i 43 hus, i 1950 281 og 46. Den kyrkja som no står i F., er bygd i 1835. Netlandsnes kapell er bygt i 1884.  Næringsvegar: I 1946 levde 801 menneske av jordbruk, 414 av industri og handverk, 54 av samferdsel, 35 av handel og 83 av immaterielt arbeid. Eige 1. jan. 1949 3 628 000, inntekt 2 035 000 kr., 557 skattebetalarar. Av dei 121 gardbrukarar, 20 småbr., 10 handverkarar., 67 tenestemenn og funksjonærar og 244 arb. Talet på skyldsette eigedomar var i 1948 464, av dei 221 med jord, samla skyld 209 mark, verde jamtover 10 795 kr. Jorda er mest sand, sandblanda mold og myr. Store og gode fjellbeite og fjellslåtter i n. delen. Det vert dyrka korn heilt opp til Knaben, 407 m o. h. Årsnedbør Helle 1610 og Risnes 1575 mm, årstemp. (Bakke) 6,5°. Samla jordbruksvidd i 1949 6658 mål, av dei 777 åker og hage, 4223 eng på dyrka jord, 533 natureng, 15 stølsslåtter, 784 utslåtter, 52 eng til beite og 265 mål kulturbeite. Tilsådde med kveite 11 mål, bygg 8, havre 156, grønfor 240, poteter 309, fornepe 4, kålrot 1, grønsaker 3 og andre vokstrar på åker og i hage 20 mål. Produktiv skog (furu, bjørk og osp) 129 km2. Resten, oml. 410 km2, var uproduktiv skog og snaufjell. Høveleg til nydyrking var 8986, til skogplanting 39 295 mål. 1939-49 vart 343 mål nydyrka. I 1949 hadde heradet 498 frukttre, 2878 bærbuskar, 118 hestar, 1017 storfe, 1832 sauer, 24 geiter, 106 svin, 3573 høns, 2 biehus og ein pelsdyrgard med  24 dyr. I 1936 5 industriverksemder med 394 menneske i arbeid. I gl. tid var F. ei avstengd bygd. Frå Knaben var det 6 gamle mil til kyrkja på Liknes og ingen veg. F. har no godt vegsamband med grannebygdene. I alt 65 km off. vegar. Bilruter: F.-Kvinesdal (30) – Flekkefjord 60 km, Knaben-Liknes (60), Netland-Kvinesdal-Flekkefjord 79 km. Arbeidsskule. Po.: F., Knaben gruver, Kvinlog. Po., rtlf.st.: Galldal, Netlandsneset, Risnes. Rtlf.st.: Mygland, Homstøl, Salmeli. I Knaben er det molybdengruver, i Salmeli turiststasjon, 500 m o. h., 12 senger. F. sparebank skipa 1875, eige 1. jan. 1952 102 000, rådveldemidel 1 538 000 kr. Det heiter i F., ein fjotlending. Nynorsk i styringsverk, kyrkje og skular. I 2. verdskrigen vart Knaben bomba 2 gonger og fl. menneske sette livet til. Røystetal ved stortingsvala i 1949 (og 1945): B. og H. 87 (96 og 8), Kr. F. 130,  V. 184 (192), A. 286 (263), K. 10. [Litt.: Ludv. Daae, ”En krønike om Kvinesdal”, 1925; Johan Jerstad, ”Fjotland”, 1949.]

P.Tg.

 

Elektronisk utgåve 2008 ved www.fjotlandsrosa.no

- Antall besøkende: 1057952 - Online: 35 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart