AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Cappelens geografiske leksikon: Norge 1963
Cappelens geografiske leksikon: Norge 1963
I serien av nyare trykte kjelder om Fjotland, presenterer fjotlandsrosa.no utdrag frå det nasjonale geografiske bokverket Norge som kom ut på J. W. Cappelëns forlag i 1963.
Fraa Fjotland: Notis i riksavisa
Fraa Fjotland: Notis i riksavisa "Den 17de Mai"
Frå riksavisa Den 17de Mai har me henta ein notis som ikkje knyter til noka særleg hending i bygda, men her blir det fortalt i generelle vendingar om Fjotland og stoda på nokre område i bygda i 1913.
26. Fjotland: Schei-komiteen i arbeid på 50-talet
26. Fjotland: Schei-komiteen i arbeid på 50-talet
I 1946 oppnemnde regjeringa ei kommuneinndelingsnemnd, den såkalla Schei-komiteen, med fylkesmann Nikolai Schei (1901-85) til formann. Nemnda fekk i oppgåve å koma med framlegg til ny kommuneinndeling i Noreg. Alt tidleg på 1950-talet hadde Schei-komiteen gjort tilrådingar til prinsipielle retningslinjer for ny inndeling og kommunestruktur. Utover 50-talet gjekk ein så i gang med å utarbeida retningslinjer for den praktiske gjennomføringa av ny kommuneinndeling ved samanslåingar. Det var fyrst ved inngangen til 1960-talet dei mange kommunesamanslåingane blei røynd. Frå 1. januar 1963 var Fjotland, Kvinesdal og Feda slegne saman til éin kommune – slik dei hadde vore det på 1840- og 50-talet.
Norsk Allkunnebok: Fjotland
Norsk Allkunnebok: Fjotland
Publiseringsdato: 22.09.2008
Av dei mange fjotlandsframstillingar i litteraturen, er nok leksikonartiklane dei mest vanlege. Til vanleg blir Fjotland tilgodesett med eit par linjer. Likevel finst det unntak: Den mest detaljerte framstillinga av bygda i noko leksikon er truleg den som finst i Norsk Allkunnebok, det nynorske leksikonverket som blei til i åra etter siste verdskringen.
- Antall besøkende: 863812 - Online: 30 - Sist oppdatert: 28.06.2017 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart