AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Bjørnefella i Bjødnehommen
Publiseringsdato: 12.01.2011

I Gyland vart det nylig registrert ei bjørnefelle i Urdal. Denne skulle vera frå tidlegare tider.

Dette vart omtala i ”Agder”, og Erling Sømme Kielland som hadde lese dette , tok då kontakt med meg og sa at han hadde lese i bind 1 av Fjotlandsboka at det skulle vera ei bjørnefelle i Knabedalen. Johan Jerstad skreiv at ho skulle vera i Bjødnehommen i Knabedalen. Ho var 8 m. lang, 2m. brei og 5m. djup og var ei naturleg ”glove” i fjellet. Me vart ”forvitne” på dette og ville prøva å finna denne. Eg spurde då Torger Kvinlaug som bur i Lyngdal, men er oppvaksen i Knaben gard, om han kjente til denne. Han svara at han hadde ikkje sett ho, men visste omtrent kvar ho kunne vera. Han hadde mange gonger vore på jakt i dette området.

Me avtala då å møtast ved butikken på Knaben mandag 11 okt. Me køyrde ned den gamle Knabenvegen til nedom Hattevaren. Dalen som går nordover her heiter Bjødnehommen.På vestsida av dalen og i nordleg retning, var det ikkje vanskeleg å finna denne ”Glova” som var omtala. Eg vil tru at denne strakk seg ca. 100 til 150 m. i nordleg retning, frå bunn til topp.

Det som kan vera ei utfordring er å finna nøyaktig der fella er. Johan Jerstad skriv at ho skal vera mura att i nordre enden. Til våren skal me på synfaring og registrering med  Ghattas Sayej, som er arkeolog ved Vest-Agder fylkeskommune. Me meiner at dette kan vera av interesse å vita om,og og at det vert registrert for ettertida. Det er jo ein del av Fjotlands historie dette og.

Tønnes T. Kvinlaug

- Antall besøkende: 1057906 - Online: 50 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart