AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Folkehøgskule på Eiesland

Vinteren 1860-61 heldt Per Eiesland skule på Eiesland, folkehøgskule kalla han det. På skulen skal det ha  vore elevar frå 14-60 år. Ein av elevane var Olav S. Lindefjell, og han har fortalt om dette året: "Det var ei gild tid". Rundt i landet har det vore mange slike "folkehøgskular" som var knytt til bestemte personar, men i alle høve var denne skulen av dei tidlegaste.

Den danske folkehøgskoletanken hadde nok Per Eiesland møtt medan han gjekk på lærarseminaret i Holt. Der avslutta han i 1860, rett før han sette i gang sitt ambisiøse skuleprosjekt i heimbygda. Seinare studerte han teologi og kom tilbake som prest i 1886.  

Asbjørn Knutsen som seinare grunnla den første kristne ungdomsskulen på Sagavold i Telemark i 1893, gjekk på seminaret i Holt frå 1862-64. Der fekk han møte Grundtvigs folkehøgskuleidear. I 1864, bare få år etter at Eiesland hadde sin "folkehøgskule", starta den første folkehøgskulen opp på Hamar; Sagatun. Både hos Grundtvig og dei norske folkehøgskuleteoretikarane Christian Bruun og Fritz Hansen, var det viktigaste målet ein allmennmenneskeleg, etisk, humanistisk og kristeleg danning. 

Olav S. Lindefjell (1847-1936) har fortalt om si tid på skulen på Eiesland: " Eg var på folkehøgskulen til Per Eiesland. Det var ein far og son som gjekk saman, den eine 60 og den andre 14. So flink og interessera lærar som Per Eiesland trur eg ikkje fanst i landet. Det var ikkje mykje me kunde då me kom inn, men me kunde skriva rett då me gjekk ut. Per heldt skule med oss um kveldane òg. Det var ei gild tid."

Hovudfaga skal ha vore rettskriving og rekning, men dei hadde òg lesing, song, soge og geografi. Kven som gjekk på skulen er ikkje heilt sikkert, men Olav S. Lindefjell nemnde desse: Andreas Kristian Alvson Åsen, Lars Kristian Jørgenson Høydal og kanskje systera Ingeborg, Hans Tobias Børelson Bergesli, Maria Berntsdotter Spillebrok og Jakob Eiesland. Av eit brev ser ein at desse òg hadde teikna seg: Tor Hansson Haddeland, Andreas Sigmundson Veggeland, Martin Didrikson Helle, Olav Olson Fjotland, Jo Bergeson Bergesli og Olav Torgjeseon Røynebu.

I gards- og ættesoga er også Alv Anderson Åsen (1817-1910) nemnd mellom elevane. Han var mellom dei eldste elevane i Per Eieslands skulestove, og far til Andreas Kristian Alvson Åsen (1849-1932). Dersom dette er rett, var Andreas Kristian bare 11 år då han begynte på skulen, ikkje 14 som Olav S. Lindefjell har fortalt. Ut frå opplysningane i gards- og ættesoga, var heller ikkje Lindefjell meir enn 13 år i 1860.

Bilde er eit utsnitt av det flotte portrettet av Per Eiesland som heng i kyrkjestova ved Fjotland kyrkje. Det er måla av den kjende målaren Lars Osa i 1912.

 

Kjelder:
Johan Jerstad: Fjotland sogebok 1949
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge. 1979
B. Eiesland m/fl. I: Vest-Agder fylke 1837-1937 1937
Marton Leine: Mellom hverdag og visjon. Fra ungdomsskole til folkehøgskole. 1893-1993. 1993

- Antall besøkende: 1057860 - Online: 3 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart