AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Komponist og songevangelist
Publisert av: Per Øistein Rogstad

 

- Om eg ikkje får lov til å synge, føler eg ikkje at eg har gjort meir enn halvt arbeid, seier Oskar Stakkeland. I meir enn eit halvt hundreår  har 76-åringen reist som forkynnar og songar i Norsk Luthersk Misjonssamband. Han bur like ved heimegarden på Stakkeland i Fjotland, nord i Kvinesdal.

- Det gjekk ein stor vekking over bygda. Folk måtte vende om. Bygda hadde blitt ramma av fleire ulykker like føre. Først var det to som omkom i ei ulykke i gruvedrifta på Knaben. Like etter var det to skolebarn som gjekk gjennom isen i Galdalsvatnet og drukna. Dette skaka opp folket og var med på å framskunde den store vekkinga som grep om seg i heile bygda. Mange ble omvendt og frelst frå synd, verdslegdom og gudløyse. Eg ble omvendt på slutten av denne vekkinga på ein juletrefest på nyåret i 1935, mens eg var vel 14 år, fortel Oskar Stakkeland.

For Oskar var og er song og musikk ein viktig del av livet. Allereie frå han var smågut hadde han lært å spille på fele, og var med sin eldre bror på bedehuset og spilte til allsongen. Piano eller orgel fantes ikkje på bedehuset den gangen.

Lagde egen melodi
Songboka ble kjær for ham i den første tida etter han ble omvendt. Den indre lengten etter fred, frelse og tryggleik fant han i bønnesongen: ”Frykter eg min tro å miste, Jesus holder fast.” Denne songen kunne han ikkje tonen til, men han laget sin eigen melodi.  Likså songen: ”O, Jesus Krist eg flyr til deg”, betydde svært mye for ham den første tida.

Det er eit vers han husker betydde noe spesielt for ham i den første tida. Salme 55,23: ”Kast på Herren det som tynger deg, han skal holde deg oppe. Han skal aldri i evighet la den rettferdige rokkes”.

18 år gammal blei han spurt av sekretæren i Norsk Luthersk Misjonssamband, Stavanger krets, Johannes Daasvand, om ikkje han ville reise som songar i kretsen. Også tidlegare hadde han følt at det var noe spesielt Gud hadde tiltenkt ham. Spørsmålet frå Daasvand ble starten på ein lang arbeidsdag som forkynnar for Oskar Stakkeland. I dei første åra song og vitna han saman med andre predikantar og misjonærar. Seinare ble han også tiltrudd å ha eigne møte. Predikantar var han godt kjent med heime frå. Bestefaren hadde reist som fritidsforkynnar.

Bibelskole i Bergen
Etter noen år som songar gjekk turen til Bergen. Der gjekk han på Bibelskolen og studerte ved musikkonservatoriet i byen. Dette var under krigen og derfor låg Bergens gater under blending slik at dei var nokså mørke og skumle om kveldane. På skolen var det så mange elevar at fleire måtte bo hos private ute i byen. Oskar var ein av dei.

- Det var ikkje til å nekte, men vi var av og til redde når vi skulle ut i dei mørke gatene etter eit kveldsmøte på Bibelskolen. Med det gjekk heldigvis godt.

Gustav Ballestad står for ham som ein stor personligdom på Bibelskulen. Han ville ha ham til å reise for Indremisjonen. Men han ønsket Oskar lykke til med tenesta i Misjonssambandet, sidan han allereie hadde takket ja til forkynnarteneste i Stavanger krets.

Kor stort min Gud
Som 22-åring var han på bibelkurs på Tryggheim Ungdomsskole. Lærar Arne Nordheim kom til ham med Jesper Krogedals tekst ”Kor stort, min Gud”, og lurte på om han ikkje ville sette melodi til den. Oskar sette seg ned og skrev den melodien som har blitt sunge på utallige møter på bedehus  landet rundt.

Heile vegen har songen og musikken følgd Stakkeland. Om han ikkje har sunge på eit møte, føler han bare å ha gjort halvt arbeid. Undervegs har han skrive fleire songar og melodiar. Nyleg samla han noe av dette i eit lite hefte. Det inneheld eigne songar og nyskrivne melodiar til velkjente songar. Dei er harmonisert og utsett for solo, duett, blandakor og kan brukast i musikklag.

Fredsvåren 1945 husker han godt. Han gjekk på musikkonservatoriet i Oslo, og budde på Fjellhaug Skoler i den tida. Han fikk dermed oppleve frigjeringsdagane i hovudstaden.

Redde for å gå fortapt
- Kva har vært det beste med forkynnartenesta?
- Det gildaste har vært å få oppleve at noe skjedd og at Gud gav noe som var til glede for andre. Forskrekkelig gildt var det når ein fikk oppleve vekking. Under krigen var det mye vekking. Det låg i folket, og det hadde nok med den nauda og den situasjonen vi var i. Folk var mye meir underbygd med kristen kunnskap, og dei var redde for å gå fortapt. Dermed braut nok vekkinga lettare laus i den tida. Nå må ein bruke meir tid for å bryte igjennom.

Stakkeland påpeker at kravmentaliteten også pregar forkynninga. Folk er meir opplyst og krev meir orden i forkynninga. Før var det dagligdags tale som nådde folk der dei var. Den gamle kinamisjonshøvdingen Ludvig Hope, påpekte at predikantane var mye betre til å preike enn tidlegare, men det biter ikkje. Kva hjelper det med fin tale om du ikkje har med deg Guds ånd.

- I dei første årene var eg borte i ein månad av gangen og av og til to. Det var stritt for ho som var heime med barna, men det var stritt for meg også, påpeker Stakkeland. Han er glad det er blitt betre ordningar for emissærane nå.

Oskar fortel at det var møter på kveldstid. På dagen ble det tid til husbesøk og noen foreiningsbesøk. Ikkje sjeldan hjelpte han til med å hogge ved og anna arbeid, for dei han budde hos. Det var godt med litt fysisk arbeid, når ein skulle bruke så mye tid på talarstolen. Han har alltid likt å ha god tid til å førebu seg.

- Du veit om ein ikkje er oppglødd sjølv, kunne ein heller ikkje gløde opp andre.
- Er du framleis ute og preiker?
- Eg held nokre enkeltmøte, for det meste i nærområdet. Det er særs gildt å være med. Og du vet ein tørkar inn, om ein ikkje er med på noko, seier Oskar Stakkeland. 

(Tekst og foto: Per Øistein Rogstad/Dagen 1. april 1997)

- Antall besøkende: 1086603 - Online: 12 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart