Heim
Folkekunst
Folkeliv
Folkeminne
Mål og namn
"Minnebògjæ"
Micropædia Fjotlandica
Stanleys kråmbu
Kjelder og litteratur
Om Fjotlandsrosa.no
|
Misjonsselskapet i Fjotland
Det Norske Misjonsselskap(NMS) har ei lang historie i Fjotland. Fjotland kvinneforeining blei stifta i 1871, men allereie 1. april 1855 sende Fjotland misjonsforeining 2 speciedalar tïl Kristiansand krins av NMS. Den mangeårige klokkaren og kyrkjesongaren Bernt Spillebrok sende ei gåve frå misjonsarbeidet i 1859. Året etter at foreininga blei stifta i 1872, sende fjotlandspresten Fredrik Wille pengar til krinsen. I åra etter 2. verdskrigen var det misjons- og/eller kvinneforeiningar til NMS i dei fleste skulekrinsane. Det var foreiningar på Eiesland, Veggeland, Harbakk, Kvenåsen, Kvinlog, Helle, Gunsteinsli, Netlandsnes og Lindefjell. Dette går fram av heftet ”Misjonsglød i bygd og by” som distriktsstyret i Dalane og Flekkefjord gav ut i 1989 som ei markering av 30 år som sjølvstendig krins i NMS. Nå er ikkje lenger dette ein krins i organisasjonen, men eit område under region Stavanger. Sverre Jakobsen er områdeleiar. I etterkrigsåra var det eit rikt arbeid for NMS i Fjotland. Eigne barnelag knytt til NMS var det på Fjotland, ”Solglytt barneforeining” og på Knaben Gruver med ”Barnetro barneforeining”. I tillegg var det Helle og Kvinlog barneforeining. I 1978 starta Astrid og Tor Spilling opp gute- og jentelag på Fjotland for NMS. Dette heldt dei fram med til slutten av 80-talet, ikkje lenge før Tor Spilling gjekk av med pensjon frå prestestillinga. - Me hadde tenkt det som gute- og jentelag, men det blei mest gutar, fortel Astrid Spilling til Fjotlandsrosa.no. - Me samla barna i prestegarden til konkurransar, leikar og andakt. Vi hadde også ei enkel servering kvar gong. Det kunne vere over 20 på samlingane, men det var gjerne 10-12. - Kor kom barna frå? Det har gått gradvis tilbake med foreiningsarbeidet til NMS i Fjotland. I 2009 blei det sett sluttstrek for den siste misjonsforeininga som arbeidde for NMS, Kvinlog Kvinneforeining. Foreiningsarbeidet har ikkje same oppslutnad som tidlegare. Men framleis er NMS aktive i bygda. Fjotland sokneråd vedtok i 2008 å støtte Misjonsselskapet sitt arbeid i Paris. Kvar haust har soknerådet og NMS kapellstemne i Netlandsnes kapell. I 2007 besøkte Kvinlog ungdomskor Misjonsselskapets arbeid i Paris, og ungdommane fekk då sjå det på nært hald. Framleis er misjon aktuelt for fjotlendingar. Også Norsk Luthersk Misjonssamband (tidl: Kinamisjonsforbundet) og Indremisjonsforbundet har hatt eit aktivt foreiningsarbeid i bygda. Også dei har merka at dei tradisjonelle foreiningane er tyngre å halde i gong. Begge organisasjonane har likevel eit omfattande arbeid både for barn, ungdom og vaksne. Det meste er lagt til Kvinlog bedehus, men også på Eiesland bedehus er det ein del aktivitet. Der er barneforeininga ”Lille hjelper”. Hausten 2009 kunne foreininga feire 90-årsjubileum. Det er den barneforeininga som har vore lengst i samanhengande verksemd i bygda. Gunhild og Kjell Trodahl er viktige drivkrefter i dette arbeidet for Misjonssambandet. På Kvinlog bedehus er det barnekor, Maks-klubb for 6-10 år, Between for 10-13 år, Laurdagskafé og KRIK for ungdommar. Sundagsskule er det på Helle, Risnes, Eiesland og Kvinlog. PØR Kjelder: |
- Antall besøkende: 1288359 - Online: 18 - Sist oppdatert: 22.09.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart |