Heim
Folkekunst
Folkeliv
Folkeminne
Mål og namn
"Minnebògjæ"
Micropædia Fjotlandica
Stanleys kråmbu
Kjelder og litteratur
Om Fjotlandsrosa.no
|
Kapellet på Netlandsnes 125 år
Kapellet blei vigsla den 13.oktober 1886. Jacob Sverdrup Smitt var biskop. Han ville koma og innvia kapellet. Men på den tida var reisa frå Kristiansand til Netland ei lang og strabasiøs handling. I brev til prosten skriv han at han tar båten frå Kristiansand til Flekkefjord. Derifrå reknar han med å ha følgje med prosten til Fjotland. Han trur det er ei god dagsreise. Det var heller ikkje lett å koma frå Flekkefjord til Netland. Dalevegen opp Vesterdalen hadde ikkje kome lenger enn til Engedal, og Lindelandsbrua var neppe tenkt på. Heimreisa til bispen gjekk om Mandal. Det er Tor Veggeland som skriv dette i jubileumsboka Fjotland kyrkje i 316 år som blei gitt ut i 1986 ved kyrkjejubilea for kyrkjene i Fjotland det året. Han fortel vidare at det må ha vore tale om at vigslinga blei seint på året. Bispen meinte det ikkje gjorde noe. Men i eit brev frå biskopen til departementet der han meldar at kapellet er innvigd, skriv han:”Indvielsen udførtes i overensstemmelse med de gjældende rituelle Forskrifter og var der, tiltrods for det forfærdelige uveir, som indtraff den nævnte Dag, tilstede en så stor Menighetsforsamling, som Kappellet nogenlunde rummet.” Det var altså eit forrykande uver den dagen. Men mange folk var samla. Ein av dei som var der kunne seinare sitera frå biskopen sin tale:” Hammerslagene har forstummet, arbeiderne er farne, men huset står ferdig for å ta imot menigheten.” Gravplassen kom først. På eit kommunestyremøte 13.februar 1854 mellom Eiken, Hægebostad og Kvinesdal (Fjotland og Kvinesdal var då ein kommune), blei det vedtatt å føreslå overfor departementet at Fjotland skulle bli eige prestegjeld. Same året kom Stortinget med ein resolusjon om at Fjotland blei eige prestegjeld, og at dei øvre gardane i kommunen skulle få ein vigd gravplass på Netlandsnes frå 1.januar 1858. Det blei likevel ikkje gravplass før i 1886, og han blei vigsla saman med kapellet. Sidan Stortinget hadde lova eigen gravplass, var det naturleg å ta opp spørsmålet om å byggja kapell. Den 10.september 1884 skriv Kyrkjestatsråden eit brev der han ”nådigst” gir lov til å byggja kapell på garden Netland. Brevet er underteikna E.Blix. Det er den kjende salmediktaren Elias Blix frå Nordland som var statsråd. Altartavla. Gåver til kapellet. Vedlikehald og fornying. ”Som ein ser vart det gjort mykje, men soknerådet hadde ein flink mann til å stå for arbeidet”, skriv Tor Veggeland og viser her til Trygve Eftestøl. Opp gjennom åra har kapellet blitt tatt godt vare på og viser seg i dette jubileumsåret som eit velstelt og pent bygg med ein velhalden kyrkjegard. |
- Antall besøkende: 1288270 - Online: 18 - Sist oppdatert: 22.09.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart |