AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Fjotland kyrkje

6.mai 1836 var ein stor dag i Fjotland. Då blei den nye kyrkja innvia. Det er 175 år sidan. Kyrkjejubileet i Fjotland er derfor ein storhending som blir markert dette året. Men som rimeleg er, har nok 100-årsjubileet i 1936 og 150-årsjubileet i 1986 fått større merksemd. Då kyrkja var 100 år i 1936 blei det gjennomført eit stort restaureringsarbeid, og det blei gjort mye med kyrkja innvendig. Då blei den gamle malinga flekka av og ny maling lagt på.

Mye frå den gamle kyrkja.
Samtidig blei det som fanst av innreiing frå den gamle kyrkja sett opp att. Dei vakre dørene inn til benkeradene og stolbardane er frå det gamle bygget. Dei gir kyrkjeromet eit spesielt preg som manar til høgtid når ein går opp kyrkjegolvet. Johan Jerstad skriv i bygdeboka for Fjotland at det var mye utskjering i den gamle kyrkja, særleg på stolane. Det meste var skore i den stilen dei kallar Stavanger renessanse, ein roleg og erverdig stil med storslåtte og godt tilmålte krullar.

Det er elles mye frå den gamle kyrkja som blei flytta over til den nye. Det finnest ein kjerringstol og ein brudestol frå 1687. Når ein går opp kyrkjegolvet, legg ein straks merke til preikestolane som er festa til veggen i koret. Det er jo ikkje vanleg med to preikestolar i kyrkjene. Då dei bygde ny preikestol, tok dei vare på den gamle og sette han til venstre for å få symmetri i koret. Lysekrona er også frå den gamle kyrkja. Ho er nemnt i 1782. Lysestakane og dåpsfatet er også frå den kyrkja som stod tidlegare.

Den første kyrkja.
Den første kyrkja i Fjotland blei bygd i 1670. Då ho blei reven i 1835, var ho bare 165 år gammal. Det skulle ikkje vera noen alder for eit slikt byggverk. Dei som arbeidde på den nye kyrkja har fortalt at dei kutta opp det gamle tømmeret og kløyvde spon av det. Heile sponen på tårnet blei laga av tømmeret frå den gamle kyrkja. Det skulle tyde på at trevirket ikkje var så forfalle at huset måtte rivast av den grunn. Grunnen var vel at ho var for liten. Ho var bygd i ei tid då bygda hadde omtrent 400 menneske, og nå var folketalet kome opp i mest 1000.

Jubileumsbok i 1986.
Til 150-årsjubileet i 1986 gav Tor Veggeland ut boka ”Fjotland si kyrkja i 316 år 1670 – 1986” Saman med bygdeboka til Johan Jerstad, gir denne jubileumsboka god informasjon både om den gamle og den nye kyrkja. I boka skriv han at det var sokneprest Mûller som skaffa det første orgelet. Han spelte sjølv både før og etter preika. Orgelet stod framme ved alterringen omtrent der døypefonten står nå. Det var Smith – Øvland som fekk orgelet heist opp på galleriet. Han passa på ein dag det var kommunestyremøte og fekk representantane med på flyttinga. Då kyrkja fekk nytt orgel i 1972, hamna det gamle orgelet på Kvinlog skule. Der har det sikkert også gjort nytte for seg.

Fjotland har hatt mange dyktige organistar som utan tvil  har bidratt med å utvikla det gode sang- og musikkmiljøet som Fjotland er kjend for.

Praktbygning.
Fjotland kyrkje viser seg i dag som ein godt vedlikehalden praktbygning. Samtidig er det eit bygg som er i aktivt bruk for ein kyrkjelyd som er meir livskraftig enn noen gang. Det nye annekset med møterom gir høve for mange aktivitetar. Eit fint tilskot til inventaret i kyrkja er skipet som Tor og Astrid Spilling overrekte som gåve i 2009. Skipet blei lagt merke til då eg i sommar hadde omvisning for ei gruppe som var på familietreff i Kvinesdal. Det var noen amerikanarar i gruppa, og eg fekk spørsmål om kvifor det brukte å vera slike skip i kyrkjene. Det var ei god anledning til å fortelja om skipet og om symbolikken det står for.

- Antall besøkende: 1057859 - Online: 2 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart