AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Konsert markerte starten på Kyrkjejubileum

Dei tre kyrkjebygga i Fjotland er bygd med 50 års mellomrom. Noverande Fjotland kyrkje blei vigsla 6. mai 1836. På Fjotland har det vore ei kyrkje tidlegare som vart bygd i 1670, men stod først heilt ferdig i 1737. Folk i øvre del av bygda ønskte seg eit kapell, og 13. oktober i 1886 kunne Netlandsnes kapell vigslast. Etter kvart som aktiviteten på Knaben auka, blei det også spørsmål om å få reist eit kapell i gruvebyen. 11. oktober 1936 fekk ein vigsla den gamle Grubeheimen til kapell. Huset hadde blitt ombygd etter teikningar av ingeniør Hans Aase.

Dette meiner folk i Fjotland er verdt å feirast. Og den 29. desember vart det klart for ein aldri så liten forsmak på kyrkjejubileet. Med Oddbjørn Stakkeland i spissen var det ei imponerande liste med artistar: Elise Orre og Lars Aksel Teistedal, Per Sverre Kvinlaug, Ina Kvinlaug,Thomas og Tom Gallatin, Irmelinn Stakkeland og Audun Ramo, Eirik Stakkeland og Valentina Reyes, Annette Stakkeland og Cecilie Stakkeland.

Som primus motor lovte Oddbjørn Stakkeland eit allsidig og variert program som skulle spenne frå julesongar i ulike sjangre til jazz/pop-innslag og dans. Det blei det til gangs. Folk koste seg i benkene og nøyt den flotte konserten. Danseinnslaget frå Valentina Reyes falt i smak. Sjarmerende var det også å sjå Per Sverre Kvinlaug i duett med sin 13-årige niese, Ina Kvinlaug. Konserten blei ei flott oppleving, og det heile munna ut med songen "White Christmas" a capella med nesten alle aktørane. Eit ikkje heilt unaturleg val i ei bygd med så sterke band til landet i vest.

Konserten blei ein glimrende start på jubileumsåret, og soknerådsleiar Marit Homme losa kvelden trygt i hamn.

Bilete frå konserten finn du her:

PØR

- Antall besøkende: 1057885 - Online: 28 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart