AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Det er ein godt innarbeidd tradisjon i Fjotland med feiring med barnetog, gudsteneste, folketog og tale for dagen på Fjotland på dagen og bygdefest med tale av ein utflytta fjotlending på kvelden på Kvinlog skule

At folk har feira nasjonaldagen med kyrkjegong er ikkje nytt i bygda. Tilbake i 1905 stod sokneprest Rasmus Høyland på prekestolen og talte landsmål, og det meir enn ti år før kyrkjelyden valte landsmål som liturgispråk. Den gongen var det midt i unionsstrid og kampen mellom monarkistar og republikanarar. Korleis feiringa gjekk føre seg elles i 1905 veit me mindre om ut over at det då som no var tale for dagen.

På dagen 17. mai samlest bygdefolk framleis seg på Fjotland til gudsteneste, barnetog, leiker, folketog og tale for dagen. På kvelden er gymsalen på Kvinlog skule fullsett. På programmet står musikk av Kvinlog skulekorps, tale av ein utflytta fjotlending og revyinnslag av frimodige bygdefolk.

Det hadde vore moro å samle inn talene som har vore halden dei seinste åra. Tala som John Petter Lindeland heldt i 2008 på skulen har vi fått. Fjotlandsrosa har fått løfte om talane frå 2010 av Per Sverre Kvinlaug og Ole Z Torkildsen.

Talar frå Fjotland                                                         Talar frå Kvinlog
Per Øistein Rogstad (2005)                                        John Petter Lindeland (2008)
Per Sverre Kvinlaug (2010)

PØR

Då tusenårstreet blei planta ved Fjotland kyrkje
Då tusenårstreet blei planta ved Fjotland kyrkje
17. mai 2000 var ein blaut dag. Då blei det planta eit tusenårstre ved Fjotland kyrkje. Dåverande soknerådsleiar Tom Arnold Lindefjell var ansvarleg for plantinga.
- Antall besøkende: 863805 - Online: 23 - Sist oppdatert: 28.06.2017 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart