AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Grunnlovsjubileet

Fredag 11. mars 1814 var det Bededagsgudsteneste i Hægebostad kyrkje. Representantar frå Hægebostad, Eiken og Fjotland var samla for å velje utsendingar til Amtsmøtet for Lister Amt som vart halden på Feda 16. mars. Der valde dei utsendingar til Riksforsamlingen på Eidsvold.

 
1814 blei året som det første valet skulle gjennomførest i Norge, og kven som skulle ha røysterett var det lite tid til å tenke igjennom. Det endte med at det berre var menn som anten var bønder, brukseigarar, embetsmenn eller borgarar over 25 år som fekk røyste. Formannskapsloven kom først i 1837, og noko lokaldemokrati var det ikkje tale om. Kongens embetsmenn stod for gjennomføring av vala som blei lagt til kyrkjene. Kyrkjelydane blei samla etter prestegjeld, og sidan Fjotland var ein del av Øvre Kvinesdal prestegjeld måtte dei reise til Hægebostad saman med eikdølane. 
 
Kor mange fjotlendingar som røysta i Hægebostad kyrkje er det  ikkje lett å vere sikker på. Det var berre fire fjotlendingar som underteikna fullmakten som blei sendt med utsendingane til amtsmøtet; M. Didriksen Homme, T. A. Riisøen, S. Thorsen Helle og Knud Jespers: Omland. Av desse blei Steener Thorsen Helle og Tore Asbjørnsen Riisøen valt som utsendingar til møtet på Feda. Både Steener Thorsen Helle og Tore Asbjørnsen Riisøen har etterkommarar i Fjotland i dag.
 
Fjotland tilhørde Lister Amt, dette var identisk med det området som i vi dag kallar Lister i tillegg til Bjelland og Grindheim. Åseral sokna i den tida austover mot Evje til Råbyggelagets Amt.
 
Fullmakten som blei utforma i Hægebostad kyrkje 11. mars, var truleg førd i pennen av sokneprest J. A. Weisser. Desse fullmaktane var ulike frå prestegjeld til prestegjeld. Fullmakten frå Øvre Kvinesdal var langt meir omfattande enn den som same dag blei skriven i Kvinesdal kyrkje for Nedre Kvinesdal. Desse fullmaktane kan i dag verke framande i språkleg utforming, helst svulstige og pompøse. Dei må lesast som interessante dokument frå ei særeiga tid.
 
Slik er innleiinga til fullmakten:
Med inderlig Deeltagelse af Kummer have vi erfaret, at vor Fordums gode Konge Frederik den Sjette, for at skaffe Norge Fred, har fundet sig nødsaget til at frasige sig sin Rettighed til Kongeriget Norge til den Svenske Konge formedelst dennes listige Rænker og uretfærdige Adfærd! — men den retfærdige Sag vil engang triumphere! Hevnen hører mig til, og jeg vil gjengjelde, siger Herren!
 
Heile fullmakten kan du lesa her i lag med alle dei andre fullmaktane som blei skriven i kyrkjene i februar og mars 1814: http://1814.arkivverket.no/#mandate/213/transcribed
 
Per Øistein Rogstad
 
- Antall besøkende: 1057943 - Online: 33 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart