AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Fraa Fjotland: Notis i riksavisa "Den 17de Mai"

Fraa Fjotland: Notis i riksavisa ”Den 17de Mai”

 

Frå riksavisa Den 17de Mai har me henta ein notis som ikkje knyter til noka særleg hending i bygda, men her blir det fortalt i generelle vendingar om Fjotland og stoda på nokre område i bygda i 1913.

 

Den 17de Mai var blitt skipa av Arne Garborg og Rasmus Steinsvik 6. januar i 1894. Fire år seinare blei avisa dagsavis. Trass i økonomisk vanskar klarte Den 17de Mai å bli landets nest størst avis i 1911 – berre Aftenposten hadde større opplag. Men Den 17de Mai var nok meir utbreidd ut over landet enn Aftenposten og var oppfatta som den reelle riksavisa i Noreg. Dette var såleis ei viktig avis og meiningsdanar, og ettersom det var ei avis som kom ut på landsmål (nynorsk) var ho viktig for oppfatninga av nynorsk som eit riksmål og var eit sentralt identitetsskapande organ for nynorsk identitet over heile landet. Avisspråket har òg truleg spelt ei rolle i utbreiinga av nynorsken som skaut fart utover 1900-talet. Avisa gjekk inn i 1935.

 

Den 17de Mai må tvillaust ha hatt fleire lesarar i Fjotland. På Agder fanst det regionale aviser som stod sterkt og som blei redigerte på nynorsk, t.d. Agder Tidend (1919-63). Men ettersom Den 17de Mai var den mest utbreidde avisa i det heile i åra før fyrste verdskrigen, må ein rekna med at Den 17de mai var å finna i fleire heimar i Fjotland i 1913 som denne notisen skriv seg frå.

 

Kven som er opphavsmannen til notisen er ikkje kjent, men han må truleg ha vore frå bygda eller hatt lokalkjende kjelder å stø seg til.

 

Her fylgjer notisen som stod i avisa Den 17de Mai 15. november 1913:

 

Fraa Fjotland

 

Fjotland er ei Sørlands fjellbygd og ligg rett nord for Listerlandet – i øvre enden av Kvinnesdal. Store fjellvidder ligg nord for bygdi, og ingen gardar treffer ein i den leidi fyrr ein kjem til Sogn. Fjotland ligg soleis høgt til fjells og i ein avkrok av landet. Men folket fyl med i utviklingi so godt dei kan, baade i det materielle og i det aandelege. Vinstre hev i lange tider havt overtalet. Av sosialistar er det ikkje faa. Dei er nok i mindretal enno; men dei gjer no sitt til at folk vaknar, og so vert dei ei god køyresvipe aat dei andre parti. Fjotlendigane er frilynde i alle leider. Og dei er nationale som faa. Maalfolket er i stort fleirtal. Blix-salmane vert bruka i kyrkja. Alle likar desse salmane framifraa godt, gamle som unge. Over halve bygdi hev landsmaalet til hovudmaal i skulen. No nyaar kjem vert det ny avrøysting i dei krinsane som hev riksmaal enno, og daa er me visse um at landsmaalet vil vinne over alt. Tvo ungdomslag arbeider i bygdi, og dei hev millom anna maalsaki og avhaldssaki paa sitt program.

 

Den 17de Mai, 15.11.1913

 

 
Faksimilie av siste avsnitt av notisen "Fraa Fjotland" i Den 17de Mai 15.11.1913.

SAM

Kjelder:

Ottar Grepstad: Nynorskpressa som kultur- og identitetsskapande faktor 1858-2008. Foredrag på dei nynorske mediedagane i Oslo, 9. oktober 2008 http://www.aasentunet.no/download.asp?object_id=dfcb8e3ef74746278683315ed42f62e8.pdf

 

- Antall besøkende: 1057898 - Online: 42 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart