AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
47 Galdal

Garden ligg i Austerdalen, nord for Galdalsvatnet. Garden er nemnd som Galdal i 1594, 1600, 1612, 1619 og 1668. I 1723 er den skriven Gahldahl

Knibestøl må i eldgamal tid ha vore støl for Galdal. Så blei det øydegard, og støl på nytt. Først på 1600-talet åtte innigraden åleine denne stølen og rydda gardar der, skriv Jerstad/Veggeland i Gards- og ættesoge.

Galdal er ikkje kjend frå andre bygder i Noreg. Derimot er forstavinga Galte- mykje i bruk. I Østfold finn ein til dømes gardnamn som Galtebu i i Spydeberg og Galteby i Trøgstad. I Vest- Agder finn ein det berre på naturformasjonar som mellom anna Galtevatn i Eiken, Galtetjønn i Lyngdal og Galteryggen i Åseral. I Evje har dei gardsnamnet Galteland.

Gardsnamnet  Galdal meiner Rygh i L. Daae kan kome frå Galtedal, og dermed ha elvenamnet Galte-  i første ledd. Dette namnet finn ein på ei elv i Eiken, Galteelva. I Norske Gaardnavne blir det nemnd at forstavinga kan kome frå det gamle mannsnamnet Galti. Dette namnet er ikkje lenger i bruk. Dei utelukkar at namnet kan ha med fjellet å gjere. I Gards- og ættesoga peikar Jerstad/Veggeland på  at namnet må ha vore Galtdal, og at namnet nettopp stammar frå ein fjellrabbe med namnet Galten. I Stadnamnleksikonet blir det første leddet tyda som anten å vere frå det bortkomne elvenamnet Galteelva eller frå mannsnamnet Galti.

Dette er ein av fire gardar i Fjotland som endar på –dal (Høydal, Engedal og Vordal).

PØR

Kjelder:
O. Rygh i L. Daae: En Krønike fra Kvinesdal
O. Rygh: Norske Gaa
rdnavne
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok.1949
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland.
Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgesglasset.no

Til forside stadnamn

- Antall besøkende: 1131173 - Online: 10 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart