AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
43 Haddeland

Garden ligg like sør for Eiesland i Austerdalen. I 1612 er garden nemnd som Haldeland, så i 1668 som Holleland og i 1723 Halleland.

Haddeland er komen frå Veggeland, og er nok folka derifrå. Atlak er den første som er nemnd på garden. 1611-20 er han skriven for Atlak Haddeland under Veggeland.

Dette gardsnamnet er kjent både frå Vest-Agder og Telemark. I Vest-Agder finn ein det i gamle Kvinesdal kommune, Lyngdal, Eiken, Åseral og Mandal. Namnet er også i bruk i Telemark i Vinje, Kviteseid og Tinn. I Etne i Sunnhordland finn ein namnet Halleland som nok har same opphav.

Oluf Rygh skriv i ”En Krønike fra Kvinesdal” at namnet kan bygge på mannsnamnet Halli og Hallaðr, men meir truleg kjem forstavinga ’Hadde’ av det norrøne ordet hallr som tyder helling/skråning. I talemålet blir dobbel l uttala dd altså Halleland blir til Haddeland.

Det kan nemnest at namnet Halle eller Hall, framleis er i bruk. I følgje namnestatistikken til SSB er det 42 menn som heiter Halle og 19 med namnet Hall. (11.06.2010)

PØR

Kjelder:
O. Rygh i L. Daae: En Krønike fra Kvinesdal
O. Rygh:
Norske Gaardnavne
Johan Jerstad: Fjotland.
Sogebok.1949
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgesglasset.no
Statistisk Sentralbyrå: SSB.no

Tilbake til forside stadnamn

 

- Antall besøkende: 1162452 - Online: 14 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart