AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
34 Åsen – Øyusåsen
 Garden ligg sør for Fjotlandsvatnet. Gardane Åsemoen og Norås er komne frå garden, og desse gardane har framleis same gardsnummer. O. Rygh nemner berre namnet Åsen, og viser til at garden vart skriven Aasen både i 1668 og 1723.

Åsen er eit svært vanleg gards- og plassnamn over heile landet.

Johan Jerstad skriv i sogeboka si at for å skilje garden frå Eieslandsåsen (Indre og Ytre Åsen), har garden blitt kalla Fjotlandsåsen, Eiriksåsen og Øyusåsen. I Gards- og ættesoga har forfattarane valt å bruke namnet Øyusåsen

I Åseral finn ein gardsnamnet Øyuvstad. Forstavinga Øyuv meiner Rygh kjem frå mannsnamnet Øyulfr. I Åsen finn ein ingen Øyulfr eller i kortforma Øyu som er nemnd i Gards- og ættesoge, men den andre brukaren Gudtorm Ånenson er nemnd med etternamnet Øyusåsen. Mannsnamnet Øyu var i bruk i bygda, mellom anna i Bergesli budde Øyu Bergeson (1693-1753). Ikkje mindre enn fem Øyu er nemnd på Bergesli. Truleg er det ein Øyu som har gjeve tilnamnet til garden.

Mellom Åsen og Norås ligg fjellet Persæde. Dette meiner Jerstad er eit gamalt gardsnamn som har gitt namn til fjellet. Han understrekar at det finst tydelege merke etter garden nordvest for fjellet.

Kjelder:
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok.1949
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgesglasset.no

Til framsida stadnamn

- Antall besøkende: 1131148 - Online: 12 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart