AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
33 Fjotland
 

Dette gardsnamnet har gjeve namn til kyrkjesoknet og det gamle herredet. Garden ligg nord for Fjotlandsvatnet ved kyrkja. I 1594 vart det skriven Fiottland, medan i 1612 Fiøtland og Fiotland i 1619.

I gards- og ættesoge meiner forfattarane at garden er fleire hundre år gamal, og fortel at ein som heitte Navar åtte denne garden og gav han til Gunnleiv Karlson, som bot fordi Navar hadde dreoe sonen hans, Rolv Gunnleivson.

Dette gardsnamnet finst ingen andre stadar landet, men på austlandet finn ein fleire namn av fjøs og fjøser. Desse kan ha same opphav som Fjotland.

I følge Rygh har Fjotland :”sandsynligvis oprindelig lydt *Fjosland eller *Fjosaland af fjas, Fjøs, En Gaard med dette navn vilde ikke være mere paafaldende end de Gaarde af Navn Fjøs og Fjøser som findes paa flere steder paa Østlandet. Der skal ogsaa virkelig findes en ødegaard Fjosland i Morgedal i Telemarken.”

Ein annan mogleg forklåring kan vere frå elvenamnet fljota, som tyder den hurtige. Rygh nemner at dette har vore i bruk i det minste på ein stad (i Eidfjord i Hardanger). På oldnorsk tyda fljot vannsamling, innsjø. Dersom dette er riktig burde den opphavelege forma vore Fljotsland. Uttalen gjev ingen hjelp om opphavet til namnet, for både –sl, -tl og –tsl vert uttala tl.

Norsk Stadnamnleksikon stadfestar tolkinga til Rygh om Fjosland. Johan Jerstad nemner at garden hadde fått namnet av at det var fjorten øyar i Fjotlandsvatnet. Garden skulle du ha heitt Fjortland. Dette må nok heller tolkast som ein kuriositet. Meir truleg er nok Rygh sine tolkingar.


Kjelder:
O. Rygh:
Norske Gaardnavne
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok.1949
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgesglasset.no

Til framsida stadnamn

- Antall besøkende: 1131125 - Online: 2 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart