AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
37 Spillebrok

Garden ligg mellom Eiesland og Vordal i Austerdalen. I følgje Norske Gaardnamne blei garden kalla Øigarden. I 1668 og 1723 er garden skriven Spillebroch. Namnet Øigarden tyder på at garden har vore aude i mellomalderen, før det igjen blei busetnad der. Liknande namn finn ein mange stadar i landet. Namn som Øigarden eller Ødegård, kan tyde på at det gamle namnet har blitt glømt.

Spillebrok finne ein ikkje andre stadar, men i Tokke i Telemark ligg ei seter med namnet Spillemannslii, og i Kristiansand er det en haug som kallast Spillemannsknutten. I Trøndelag er det fleire stadnamn som har Spille- som første ledd.

I Gards- og ættesoge fortel dei at garden var øydegard under Eiesland, og skal endå bere merke av det. Tre frå Eiesland og to frå Åsen, eig skog på Spillebrok sin grunn.

Jerstad fortel eit segn om at garden fekk namnet etter ”Spillebrokkå”, der sat spelemennene stundom og spela på fela i gammal tid. Dei skal ha vore der og spelt for brudreidene, når dei fôr til kyrkje på Fjotland, men det trur helst Jerstad er frå nyare tid. Då gjekk kyrkjevegen om Spillebrok for ein stor del av Austerdalen

I ” En Krønike frå Kvinesdal” står det at namnet kan ha sitt opphav at ein av bygdas spelemenn har budd her. Noko som blir avvist i Norske Gaardnavne, på grunn av skrivemåten ’Spille’ som ikkje likna på den lokale uttala. Då meiner Rygh at det er meir truleg at namnet kjem frå verbet ’Spilla’ som tyder renne/straume. Dette kan forklårast ut frå korleis bekken renn forbi garden.
Det andre leddet i namnet ’brokk’ er det same som ein finn i ’brokke’ og ’brekke’. Det kjem frå norrønt ’brekka’ som tyder stor bakke, gjerne mellom ei lågare og høgare flate.

 

Kjelder:
O. Rygh i L. Daae: En Krønike fra Kvinesdal
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Johan Jerstad: Fjotland.
Sogebok.1949
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland.
Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgesglasset.no

Til framsida stadnamn

- Antall besøkende: 1131127 - Online: 4 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart