AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
36 Vordal

Garden ligg nord for Spillebrok og Eiesland. I 1612 er garden skriven Waardal, i 1619 Vardall, Wordal i 1668 og så Waardahl i 1723.

Ånen er nemnd på garden i 1611. Han er kalla rudkallen, altså rydningsmannen. I 1622 flutte han til Mjåvatn, og han slapp skatt i 1635, av di han var så utarma. I 1637 var Ånen i Vordal att, og var der i alle høve til 1651, men tykkjest hatt Mjåvatn og.

I følgje Statens kartverk finst ikkje Vordal som gardsnamn andre stadar enn i Kvinesdal. I bestemt form ’Vordalen’ finn ein det i Levanger i Nord-Trøndelag og Tinn i Telemark. I Austerdalen i Kvinesdal, ikkje langt frå Sandvatn, finn ein gardsnamnet Voran.

I Norske Gaardnavne skriv Oluf Rygh at dette gardsnamnet kjem av eit gammalt elvenamn ’Vala’. Dette er eit namn som er kjent frå fleire stadar i landet. Dette skriv han også om i ”En Krønike frå Kvinesdal”:
”Navnet maatte da tidligere have lydt Voldalen (Völudalr), og det første 1 i Udtalen være forandret til r, for ikke at faa 1 to gange tæt efter hinanden”.
Rygh drøfter også kva dette elvenamnet kjem av.  Det har i nokre kjelder vore sagt at det kjem frå ’valr’, falk, men det avviser Rygh av di dette ordet er innført relativt nyleg i Noreg. Han trur heller at det kjem frå ’völr’ som tyder rund kjepp. Dette kan peike på elva sitt rette laup. Det kan passe på den vesle bekken som renn forbi Vordal og ut i Litleåna. Denne bekken er nemnd Øygardsbekken av Statens Kartverk. Namnet kan tyde på at det har vore eit anna elvenamn tidlegare.

I Gards- og ættesoge skriv forfattarane at ’Vor-’ tyder haug. Dette kan skuldast fjellnamnet Vorda som ein finn fleire plassar i landet. I Stadnamnleksikonet skriv dei om fjellnamnet Vorda, at ein oftast helst tenkjer på fjellsida og ikkje toppen.

Kjelder:
O. Rygh i L. Daae: En Krønike fra Kvinesdal
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgesglasset.no

Til framsida stadnamn
- Antall besøkende: 1131192 - Online: 5 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart