AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
35 Mygland

Garden ligg vest for Eiesland. I 1594 vart garden skriven Møgeland, medan i 1612 vart det til Mogeland, og i 1668 og 1723 til Møgland.

I følgje Gards og ættesoga skal garden ein gong vore kalla Mygland under Veggeland, og må difor ha vore øydegard under Veggeland ei  tid føre 1600. Den første som er nemnd på garden er Såmund, nemnd i 1594 og 1601.

Johan Jerstad fortel at garden låg lenger sør tidlegare, opp mot Budalsheia. Der var det så vêrhardt, så difor valte dei å flytte ned der garden ligg i dag. Dei seiest at ein prest skal ha ridd forbi garden i den tida nokre hadde flutta husa og andre ikkje. Presten så på begge stadane og gjorde dette verset:

”Mygland ligger godt til syne, Mygland ligger i en krog.
Mygland ligger som et slot, dog findes der saa lidet godt.”

Det er ikkje kjent frå andre stadar som gardsnamn, skriven som Mygland. Men skriven med ’k, Mykland,  finn ein det i Gloppen i Nordfjord og Iveland, Froland og Gjerstad i Aust-Agder.

Forstavinga i namnet kjem truleg frå norrønt ’mykill’ som tyder stor. Som mange andre gardsnamn i Fjotland endar også dette på land, som kjem av jordstykke, grunn. Landgardane på Sørlandet kan ha røter tilbake til folkevandringstida frå 400-650 e. Kr. f.

Kjelder:
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok.1949
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland.
Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgesglasset.no

Til framsida stadnamn

- Antall besøkende: 1162465 - Online: 15 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart