AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
25 Eftestøl

Eftestøl ligg nord for Fjotland, like aust for Førlandsås. I 1668 er garden skriven Efftestøel og i 1723 Eftestøl.

Første mann som er nemnd i Eftestøl er Odd Kidelson Farhommen (1594-1678). Først var han leiglending, og så blei han sjølveigar kring 1655. Eldstesonen Gudtorm overtok garden, han blei følgd av Per Gudtormson, Gudtorm Person og nok ein Per Gudtormson, son hans var den namngjetne rosemålaren Gudtorm Person (1779-1856) og sonen hans igjen heit også Per. Det var han som fekk utsnitt av rosemålinga si på 500 setelen i  1991.

Gardsnamnet Eftestøl finn ein ingen andre stadar, men Efte- er ei forstaving ein finn i fleire samstillingar – særleg i bygdene rundt Kristiansand. I Randesund er namnet Eftevåg, i Lillesand ligg Eftevann, Eftevannsåsen og Eftevannsmyra, og i Birkenes og Iveland ligg Eftevatnet. Det kan vere same namnet som ein finn i Vegårshei, der det heiter Ettestøl.

Eftestøl er sett saman av Efte- og støl. Støl kan tyde på at det først var ein mjølkeplass på eit beite her, langt frå garden, men utan noko bygningar eller svært tarvelege. Støl er nytta på fleire heiegardar i Fjotland som nok er av ganske ny dato, som Årstøl og Homstøl. Rygh gjev to forklåringar til forstavinga ’Efte’. Anten kjem det frå fuglenavnet ’Elptr’ = svane, eller så er namnet frå eit gamalt elvenamn elptr. Han reknar det som truleg at dette er same namnet som Ettestøl i Vegårshei, og der  ligg elvenamnet til grunn. Om det har vore eit gamalt elvenamn Elptr ved Eftestøl, er ikkje kjend. Rygh seier at berre eit fåtal av elvane som hadde dette namnet, kallast det framleis.

PØR

Kjelder:
O. Rygh i L. Daae: En Krønike fra Kvinesdal
O. Rygh:
Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976

Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland.
Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgesglasset.no

Til framsida stadnamn

- Antall besøkende: 1163472 - Online: 10 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart