AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
21 Risnes

Garden ligg i Vesterdalen nord for Netland på vestsida av Kvina. I 1668 er garden skriven Risnæs, og i 1723 Riisnes.

Første mann som er nemnd på Risnes er Eivind (n. 1621-26). Han var aleine på Risnes. I 1658 er det fortalt at Gullik og Kolben Ivarsøner hadde betalt noko for han.

Dette er namnet på ti gardar i landet, frå Dønna på Helgeland til Hå på Jæren. Det tiande bruket ligg altså i Fjotland. Det er også brukt som namn på nokre nes mellom anna i Birkenes i Aust-Agder og Sola i Rogaland. Forstavinga Ris- finn ein mange stadar i heile landet. I Fjotland har me forstavinga i gardsnamnet Risøyna.

Garden ligg på et spist utstikkande nes i Kvina. Førsteleddet Ris- tyder krattskog, kjerr. Da blir tydinga eit nes dekka med kratt.

PØR

Kjelder:
O. Rygh:
Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976

Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgesglasset.no

Til framsida stadnamn

- Antall besøkende: 1131185 - Online: 9 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart